REISETIPS: Gunnar Garfors er globetrotter og har besøkt alle verdas land. Han er aktuell med ny bok med reisetips. Bildet er frå «Bortom allfarveg Austlandet», Skald forlag (2023).
Gunnar Garfors
Midt-Telemark er med blant globetrotterens utvalde reisemål
I ei ny bok som presenterer reisetips på Austlandet, er Gygrestolen blant dei utvalde. Forfattaren er Gunnar Garfors, ifølgje forlaget globetrotter med teft for sjeldne og eksotiske reisemål.
Boka, som i desse dagar blir lansert frå Skald forlag, har tittelen «Bortom Allfarveg: Austlandet». Her presenterer Gunnar Garfors det han kallar 88 fabelaktige reisetips på Austlandet, nærmare bestemt i fylka Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet og Oslo.