Særleg når det er val, men heldigvis også elles ser me at det blomstrar på debattarenaen i lokalavisa for Midt-Telemark. I Bø blad er me veldig glade for at ordskiftet og meiningsutvekslinga går friskt. Lokalavisa er ein plattform der ein har redigeringsansvar slik at det blir ein sakleg debatt. Da unnngår ein skitkasting, slik det ofte er på sosiale medium. Det er også svært gledeleg å sjå at det stadig dukkar opp nye folk i alle aldrar i ordskiftet i Bø blad, og at det er stor variasjon i lokale tema som blir diskutert.
Ifølgje definisjonar på ordet foregår gjerne ein debatt etter detaljerte reglar, men den kan også foregå nokså uformelt. Jo klarare og viktigare formål ein debatt har, jo meir regulert vil den vere. I forsamlingar der ein debatt er meint å gå forut for og leggje grunnlaget for eit vedtak, er det derfor klare debattreglar, med ein møteleiar som ser til at reglane blir følgd. Når det gjeld debattar som foregår i pressa, eller som oppstår meir spontant, blir reglane svært lause, men ein prøver å unngå tankefeil, og har vanlege høfligheits- og saklegheitsreglar. I tillegg til ein redaktør som tar ansvar for debattklimaet og innhald.
Å ha ein offentleg debatt der mange ulike meiningar kjem fram, er mykje viktigare enn folk trur. Her har dei redigerte media ei svært viktig rolle. Å høyre ulike meiningar og prøve å forstå andres synspunkt, sjølv om ein ikkje likar dei, er med på å bevare demokratiet og eit ope samfunn. Motsetninga til dette finn ein i såkalla ekkokammer, som er møtestader på internett der ein ikkje treffer folk med ulike meiningar. I staden møter ein bare dei med same meiningar som ein sjølv, og slik blir ein sikrare på at ein har rett – utan å ha fått bryna seg på andre tankar eller perspektiv. Derfor bør ein til dømes ikkje slette folk som meiner annleis enn ein sjølv frå eigen profil i ulike sosiale medium. Da får ein til slutt sitt eige ekkokammer, der alle meiner det same. Det er verken spennande eller særleg sunt.
I Bø blad har me fått mange interessante innspel om kven som skal få lov til å meine noko i Midt-Telemark sitt viktigaste forum for debatt. Me meiner at det skal vere låg terskel for alle, fordi me vil vise fram eit mangfald av dei som bur her og kva dei meiner om det som skjer her, eller i verda elles. Sjølvsagt skal debatten foregå innanfor visse reglar, det sørgjer redaktøren for, men det er i alle fall ikkje slik at nokon er meir kvalifisert til å meine noko enn andre. Derfor oppfordrar me lesarane til å fortsatt bidra med sine meiningar, halde seg oppdatert om andres – og kanskje lære litt eller bli inspirert av andre