FØRSTE MØTE: F.v. Varaordførar Bjørn Magne Langkås, Frp, ordførar Siri Blichfeldt Dyrland, Sp, og kommunedirektør Per Dehli.
FØRSTE MØTE: F.v. Varaordførar Bjørn Magne Langkås, Frp, ordførar Siri Blichfeldt Dyrland, Sp, og kommunedirektør Per Dehli. FOTO: Marta Kjøllesdal

– Det kviler eit stort ansvar på kapteinens evner til å vere samlande

I Midt-Telemark har det ikkje som i mange andre kommunar vore ein langvarig kamp om ordførarverv eller ulike maktposisjonar blant dei folkevalde etter valet. Ordføraren og varaordføraren var på plass bare få minutt etter at valresultatet tikka inn, og dei fleste som var til stades på felles valvake på Akkerhaugen forstod at det såkalla forhandlingsmøtet bare var spel for galleriet. Både samarbeidspartnarar og makta på toppen var openbart avgjort på førehand. Det er slettes ikkje uvanleg i politikken, der det meste handlar om å kome til makta fordi ein vil ha armslag til å forme samfunnet slik ein sjølv vil. Det ligg i sjølve politikkens natur.

Dessverre blei valdeltakinga svært låg i Midt-Telemark. Bare litt over halvparten av innbyggjarane i kommunen brukte stemmeretten, og det bør bekymre oss alle, og ikkje minst dei folkevalde. Dei styrer nå på ein plattform der over 40 prosent av innbyggjarane ikkje har meint noko om kva for retning dei vil at utviklinga i kommunen skal ta. Derfor bør dei folkevalde for neste periode vere svært bevisste før dei påberoper seg å tale innbyggjarane si sak. Samtidig må dei få styre som best dei kan på det grunnlaget som er gitt dei. Dei får utan tvil ein krevjande jobb framover, og det er evna til å samarbeide og dra felles lass som vil vere avgjerande for korleis det vil gå. For å få skuta trygt i hamn, kviler det ikkje minst eit stort ansvar på kapteinens evner til å vere ein samlande og motiverande leiar.

Denne veka hadde dei 29 nye kommunestyrerepresentantane sitt første møte, der konstituering var dei viktigaste sakene. Det er temmeleg stor utskifting i kommunestyret, og 17 er heilt nye, sjølv om fleire har politisk erfaring frå før. Kvinnedelen er større, og det er positivt. Kanskje kan det gje nye perspektiv i enkelte saker.

Me er heilt avhengige av dei som har sagt seg villige til å gjere den viktige dugnaden det er å vere folkevalt. Dei som går inn i kommunestyret nå har mykje arbeid å sjå fram mot, for det er ikkje bare-bare å setje seg inn i smått og stort av saker. Det er særleg krevjande i ein kommune der økonomien haltar og skrik etter disiplin. Me skal vere glade for at nokon vil ta denne jobben og leggje ned utallige arbeidstimar for å gjere Midt-Telemark til ein god stad å bu. Gratulerer til alle folkevalde med viktig jobb – og lykke til!