SÅNN SKAL DET VERE: Sørtoget i fin fart til rett tid. Slik vil politikarane at det skal vere.
SÅNN SKAL DET VERE: Sørtoget i fin fart til rett tid. Slik vil politikarane at det skal vere. FOTO: Øystein Akselberg

– Nå må me passe på, for dette kan lett gå feil veg

Nå skal me passe på. Det blir pirka på Sørlandsbanen igjen, og gjort forsøk på å forringe togtilbodet her me bur. Sørlandsbanen er ei svært viktig transportåre for alle som bur i distrikta langs desse jernbanespora, men det finst krefter som jobbar for at dette ikkje lenger skal vere den viktigaste toglinja frå Oslo til Kristiansand. Dei sit gjerne veldig stille i båten når det er snakk om å kutte tilbod og kvalitet på Sørlandsbanen. I alle år har derfor lokalpolitiske krefter og ordførarar i vår region slått seg samen og kjempa for togtransporten, slik dei også gjer nå. Det må dei viss dei meiner alvor med toget vårt. Og trykket må vere hardt, for dette kan lett gå feil veg.

I 2019 gjekk det ganske bra med Sørlandsbanen, sett frå vårt perspektiv. Det hadde lenge blitt arbeidd med å få på plass hyppigare avgangar med argumentasjon om at det fører til større persontrafikk. Saman med punktlegheit og pris er det ein av dei viktigaste årsakene til at folk brukar toget som transportmiddel. På Sørlandsbanen gjekk Noregs største togselskap, NSB, eigd av Samferdselsdepartementet gjennom Jernbanedirektoratet. Selskapet skifte namn til Vy i 2019, og kunne faktisk skilte med togavgangar temmeleg punktleg i begge retningar kvar andre time. Bø stasjon var dessutan ein av dei mest trafikkerte på strekninga.

Etter innføringa av jernbanereforma i 2017, har Vy konkurrert med andre selskap om trafikken på dei norske jernbanestrekningane. Kampen om å få køyre tog på Sørlandsbanen blei vunne av eit britisk børsnotert selskap som blei grunnlagt i 1987. Frå 15. desember 2019 er det derfor Go-Ahead Norge AS, som er Go-Ahead Groups norske dotterselskap, som køyrer persontog på Arendalsbanen, Jærbanen og Sørlandsbanen etter avtale med Jernbanedirektoratet. Koronapandemien, som paralyserte all kollektivtrafikk i mars 2020 og lang tid framover, ga ikkje selskapet ein lett start, men det ser heller ikkje ut til at Go Ahead klarar å hente seg særleg inn og få kundane med seg igjen. Det er kanskje ikkje så rart når prisane stig, og forseinkingar og lite stabilitet i tilbodet er meir regelen enn unntaket. For ikkje å snakke om nesten total mangel på informasjon til dei reisande.

Kva som er det reelle bakteppet og kven som eigentleg står bak varselet frå Jernbanedirektorat om å kutte i togstopp, er ikkje lett å sjå, men at ein må kutte stopp på stasjonar for å bli meir punktleg, den kjøper me ikkje i Midt-Telemark. Ambisjonen må heller vere å rette opp i det som gjer at ein ikkje klarer å halde tida på ruta.