Car wheel repair shop outdoor ground . Seasonal winter tyre change at workshop. Vehicle tire repair, inspection and maintenance. Automotive garage for replace spare parts after failure breakdown.
VANSKELEG: Det er ikkje lett å vite kva for dekk som er best i perioden me nå er inne i. FOTO: NAF

Dilemma om hausten: Feil dekk aukar bremselengda

NAF har funne stor forskjell i bremselengde mellom sommardekk og piggfrie vinterdekk på den typen føre som me kan ha no på hausten.

– Du burde helst hatt vinterdekk om morgonen og sommardekk utover dagen.

Det seier rådgjevar i NAF, Jan Henry Svendsen.

Han viser til at om hausten det er låge temperaturar og nattefrost kombinert med høge temperaturar midt på dagen. Det kan gjere det vanskeleg å vite når ein bør skifte til vinterdekk.

Må vere forsiktig

I ei pressemelding peikar NAF på at perioden me er inne i no er utfordrande fordi det er så store forskjellar i temperatur gjennom døgnet. Det betyr at dekka ikkje fungerer optimalt, og det gjeld enten ein køyrer med sommardekk eller om ein har skifta til piggfrie vinterdekk.

– Det stiller krav til at du som sjåfør er forsiktig, seier Svendsen.

Han viser til at sommardekk fungerer best ved høge temperaturar. Når det blir kaldt har dei dårlegare veggrep, og når det er rimfrost, snø og is fungerer dei svært dårleg. Verken gummiblandinga eller mønsteret taklar slike situasjonar. På same måte har dei piggfrie vinterdekka ei gummiblanding og mønster som er tilpassa låge temperaturar og glatt veg. Men desse dekka får vesentleg dårlegare veggrep når temperaturen stig.

Aukar bremselengda

NAF skriv at bremselengda aukar dramatisk med piggfrie vinterdekk når det er mildt og vått føre.

– NAF testa dette ved 80 kilometer i timen. Då var det sju meter forskjell i bremselengde for to heilt like bilar der den eine hadde sommardekk og den andre vinterdekk, seier Svendsen.

Rådet frå NAF er å sjå an vêr og føre der ein køyrer og velje dekk etter det. Dersom ein veit at det blir lågare temperaturar, kan det vere smart å legge om til vinterdekk. Viss det held seg mildt kan ein ha på sommardekka ei lita stund til, men følgje godt med på temperaturen.

Er du i tvil er det likevel best å byte, meiner NAF. Det viktigaste rådet er likevel å køyre forsiktig.

– Lauv på vegen kan skjule is, men vatn som renn på vegen kan også vere farleg fordi det kan fryse, spesielt om natta. I mange tilfelle ser det ut som våt veg. Rimfrost kan også gjere vegen glatt, åtvarar Svendsen.