Sjekk om du skal på tur i ein nasjonalpark eller eit naturreservat. Då kan det gjelde eigne reglar som ein må følgje. Det er fleire naturreservat i Midt-Telemark. På Statsforvaltaren si heimeside finn ein meir informasjon om dette.
Fyre opp bål
Dersom ein er i eit naturreservat kan det vere eigne reglar for å tenne bål. Då er det best å legge bålkosen til ein bålplass der ein ikkje skadar vegetasjon eller berg.
Det er også lurt å sjekke om ein skal ta med ved heimanfrå. Det kan vere eigne reglar for sanking av ved og plukking av greiner.
Statsforvaltaren peikar dessutan på at både daude og levande tre må få stå i fred i nasjonalparkar og naturreservat. Trea er nemleg viktige for insekt, fuglar og andre artar som trivst i skogen.
Sykling
Planlegg du å sykle, oppfordrar Statsforvaltaren deg til å sjekke om området er eigna.
– Hugs å sjekke reglar for sykling. Vegar, stiar eller terrenget ein syklar i må tole slik bruk, skriv Statsforvaltaren i ei pressemelding.
Det blir oppfordra til å sjekke om det finst sykkelkart som viser tilrettelagde sykkelruter.
Statsforvaltaren skriv også at motorferdsel er forbode i dei aller fleste områda. Det gjeld alle typar køyretøy med motor, også elsykkel.
Lufta er ikkje alltid fri
– Lufta er ikkje alltid open for dronar i naturen, påpeikar Statsforvaltaren.
Han opplyser at det kan vere forbode i nasjonalparkar og naturreservat.
Reglane kan ein også finne på heimesida til Miljødirektoratet