Det er kritisk lågt og gjer at mange hus ikkje vil få besøk av bøssebererar.
– Me treng fleire, seier koordinator for TV-aksjonen i Midt-Telemark kommune, Jeanett Kaasa, som opplyser at talet ikkje har vore så lågt i dei åra ho har jobba med TV-aksjonen.
Størst krise i Sauherad
Størst er krisa i Sauherad, der elevane ved Sagavoll folkehøgskole vanlegvis tek mykje av innsamlingsjobben. I år er det andre aktivitetar som gjer at mange elevar ikkje kan delta. Folkehøgskulen stiller likevel med 19 av dei 31 som har meldt seg.
– I Sauherad treng me sjåførar med bil, men aller mest fleire bøsseberarar, seier Kaasa.
Bjørn Magne Langkås (Frp) stiller som sjåfør under tv-aksjonen, noko han også har gjort tidlegare. Som varaordførar er han også med i TV-aksjonskomiteen.
– Det er synd at færre er med i år, men det er dessverre eit teikn i tida. Dugnadsånda er dalande, og det gjeld på alle felt, seier Langkås, som oppfordrar fleire midt-telemarkingar til å bli med på TV-aksjonen.

SJÅFØR: Varaordførar Lars Magne Langkås (Frp) stiller som sjåfør på TV-aksjonen søndag. Han og koordinator Jeanett Kaasa håper at fleire melder seg. Det må skje innan fredag. FOTO: Gro B. Røiland
Langt færre roder
Konsekvensen av færre bøsseberarar er at færre husstandar får besøk. I Bø er det normalt 39 roder, som er områda der bøsseberarane går. Med dei som har meldt seg så langt, er det i Bø sett opp berre 19 roder.
Bøsseberarane vil fyrst og fremst bli sendt ut i bustadfelta i Bø, på Gvarv, Akkerhaugen og Nordagutu.
– Me må ha roder der det er flest folk og tettast med hus, så fleire plassar i kommunen vil ikkje få besøk av bøsseberarar. Til dømes gjeld det Klevarsida i Sauherad og Heia i Bø. Det er veldig synd, seier Kaasa.
Ho oppfordrar nå fleire til å bli med på søndagens dugnad. Påmelding må skje innan fredag 20. oktober. Både vaksne og barn er velkomne, men barn under 18 år må gå saman med ein ansvarleg vaksen.
– Å vera bøsseberar til TV-aksjonen tek to timar éin søndag i året. Det tek lita tid, men betyr mykje for dei i andre enden som er mottakarar av pengane, seier Kaasa.
Sjølv om ein ikkje får ein bøsseberar på døra, skal det vera muleg å gi. Ifølgje koordinator Jeanett Kaasa vil informasjon om kontonummer til TV-aksjonen, Vipps og ei såkalla digital innsamlingsbøsse bli lagt ut på Midt-Telemark kommune si heimeside.
TV-aksjonen NRK
- TV-aksjonen NRK går i år til Redd Barna og skal hjelpe barn ramma av krig og konflikt.
- Pengane skal mellom anna gi barn moglegheit til å gå på skule, gjenforeine barn med familie dei har kome bort frå, støtte tidlegare barnesoldatar, trygge leikeområde og handtere vonde opplevingar.
- Prosjekta pengane går til er i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Noreg.