REFLEKSTID: Trygg Trafikk oppmodar alle til å leite fram refleksane no.
REFLEKSTID: Trygg Trafikk oppmodar alle til å leite fram refleksane. FOTO: Trygg Trafikk

Nå er det på tide å finne fram refleksen

Torsdag denne veka er det refleksens dag, og Trygg Trafikk oppfordrar alle til å ta i bruk refleksane sine.

Haustmørkret er her, og alle har eit ansvar for å sjå og bli sett i trafikken. Éin av tre i Noreg innrømmer at dei har vore ute i mørkret utan refleks i løpet av dei siste to vekene. Det viser ei undersøking gjennomført i veke 40 på vegner av Trygg Trafikk.

I den same undersøkinga hevdar 25 prosent at dei alltid brukar refleks, mens nær halvparten seier dei brukar refleks ganske ofte. 28 prosent innrømmer at de sjeldan eller aldri brukar refleks.

Folk frå Oslo dårlegast

Undersøkinga viser også at oslofolk er dei som er dårlegast til å bruke refleks, mens det er flest i Midt-Norge og Nord-Norge som seier at dei brukar refleks.

– Det vil vere langt lettare å oppdage ein fotgjengar i mørkret med refleks enn utan, også i Oslo, seier Trygg trafikk i ein kommentar.

Startar i oktober

Dei aller fleste av dei som brukar refleks, tek den i bruk i løpet av oktober (46 prosent), medan september (25 prosent) er nest mest vanleg.

Samtidig seier 52 prosent av befolkninga at dei har teke i bruk refleks nå i haust, medan 48 prosent opplyser at dei ikkje har brukt refleks i mørkret denne hausten.