DUGNAD: Arild Moland og Else Midtbø gjekk med bøsser under fjorårets TV-aksjon.
DUGNAD: Arild Moland og Else Midtbø gjekk med bøsser under fjorårets TV-aksjon. FOTO: Marta Kjøllesdal

– Det tek to timar å gjere ei god gjerning

Til helga går den aller største dugnaden i Noreg av stabelen. Heilt sidan starten i 1974 har det blitt samla inn over elleve milliardar kroner til gode føremål gjennom den årlege TV-aksjonen i NRK. Den er riksdekkande og blir arrangert i samarbeid med utvalte organisasjonar. Innsamlinga foregår i dag på mange ulike måtar, men dei som er mest sentrale i aksjonen er fortsatt dei rundt 100.000 bøsseberarane som går frå dør til dør til rundt 2,5 millionar husstandar i heile Noreg. Ser ein på talet på frivillige og innsamla midlar per hovud, er aksjonen den desidert største innsamlingsaksjonen i verda.

Også bedrifter og organisasjonar har tradisjon for å gje ekstra gåver til TV-aksjonen, ein plar dessutan å ha ein direktesendt auksjon i NRK-sendinga. Regjeringa gjev også eit stort beløp til aksjonen, som ofte utgjer ein fjerdedel av totalsummen som blir samla inn. Kva for føremål som skal få dei innsamla millionane blir bestemt av eit innsamlingsråd i NRK.

Søndag 22. oktober 2023 er det Redd Barna som har TV-aksjonen i NRK, og fleire tusen frivillige har lenge jobba med organiseringa av den to timar lange bøsseberinga. Slik er det også i Midt-Telemark, men nå ser det litt mørkt ut for aksjonen lokalt. Talet på bøsseberarar som har meldt seg er kritisk lågt. Det får konsekvensar i form av at det vil bli langt færre heimar som får besøk frå innsamlingsaksjonen. Det er ein kjip situasjon, og noko ingen av oss bør vere bekjent av .

Sjølv om ein har høve til å støtte aksjonen på fleire måtar enn før, blant anna digitalt, er det hovudsakleg på TV-aksjonsdagen at privatpersonar kan gje sitt bidrag. Det å banke på dører er ein lang tradisjon, og sjølv om folk har mindre kontantar enn før, er mulegheiten for å vippse til stades. TV-aksjonen er ikkje bare ein innsamlingsaksjon, men òg ei informasjons- og haldningskampanje om å gje. Derfor har aksjonen så brei dekning i media, undervisningsmateriell tilgjengeleg og samarbeid med frivillige i fokus.

Det trengst nå folk til å køyre bil og til å gå rundt med bøssene i heile kommunen, og det er ikkje for seint å melde seg. Det tek to timar ein søndag ettermiddag å gjere ei god gjerning, og det betyr mykje for dei som me samlar inn til. I krigstider som nå, der me ser korleis barn blir råka av krig og uro i store delar av verda, er det ekstra viktig å vere med. Når me veit kor godt me har det her til lands, er det å gå med ei bøsse eller køyre ein bil i eit par timar det minste me i Midt-Telemark kan bidra med.