Frå vogge til grav via NAV
I Noreg er me kjent for å ha ein god og velfungerande velferdsstat. Fleire av rettigheitene finn ein i Folketrygdlova. Lova har som føremål å sikre økonomisk tryggleik ved å sikre inntekt og gi kompensasjon for utgifter dersom ein fell utanfor arbeidslivet grunna sjukdom, skade eller anna.