BILAR OG FOLK: Det var tett av bilar og folk i Bø sentrum da bilkolonna kom inn ved 20.30-tida laurdag.
BØ SENTRUM: Tett med bilar og folk. FOTO: Gro B. Røiland

– Det skal vere plass til alle i Bø sentrum

Debatten om støy frå rånarmiljøet i Bø sentrum har vart i fleire år, og har hatt harde frontar. Både ordføraren og andre politikarar har fått skarp kritikk for korleis dei har handtert problematikken, og bebuarar i sentrum som har ytra seg har måtte tole hemnaksjonar. Det har ført til at dei som individ og gruppe ikkje har tort å stå opent fram med meiningane sine, medan deler av rånarmiljøet har følt seg forfølgd og angripe. Situasjonen har vore fastlåst heilt sidan rånarmiljøet fekk ein oppsving i kjølvatnet av NRK-serien Rådebank.

Nå kan det kanskje sjå ut som det kan kome ei endring. Tidlegare i haust ytra politiet ønskje om å kunne stenge deler av Bø sentrum for å gjere noko med støyproblemet. Det er det siste rånarmiljøet ønskjer, ifølgje representantar derfrå. Dei er bekymra for at ungdom i bilmiljøet mister sentrum som treffstad, og understrekar kor viktig bilmiljøet er for mange unge. På initiativ frå kommunen har derfor to stolte rånarar blitt med i ein film som oppfordrar dei som køyrer i gata om å skru ned lyden slik at sentrum blir ein god stad å vere for alle. Dei fortel at mange unge fortsatt byggjer store anlegg med mykje bass og volum, men at dei håper at fleire kan skjøne at ein ikkje treng trigge andre med altfor høg lyd, og at det går an å skru ned volumet når ein køyrer i gata.

Det er bra at rånarungdommen er involvert i dette, for endring kan bare kome frå miljøet sjølv. Lettvinte argument om at folk ikkje treng bu i sentrum viss dei ikkje toler støy, held ikkje. Dei færraste som bur i ein tettstad eller by forventar at det skal vere heilt stille, og at normal støy frå både trafikk og folk er noko ein må leve med. Men det finst grenser, og norsk lov regulerer kva for eit nivå og til kva for tider støyen kan vere der. Det handlar om å leve saman etter eit sett lovar og reglar som er vedtatt av samfunnet og som alle borgarar må halde seg til.

Det handlar ikkje om at nokon vil rånarmiljøet til livs. Det skal vere plass til både bilmiljøet, eldre bebuarar og andre i Bø sentrum, og alle må halde seg til lovar og reglar som gjeld. Den lettaste måten å løyse dette problemet på er rett og slett å ta omsyn til kvarandre og sjå til det som dei to rånarane seier: «Bøgata og sentrum skal vere for alle, og alle typar menneske skal kunne opphalde seg og trivast her.»