VIL TA TOGET: Torgeir Hefre vil gjerne ta tog til og frå Bø stasjon, men no har han gjeve opp.
Øystein Akselberg
– Eg vil gjerne ta toget, men ein kan jo ikkje stole på det
Torgeir Hefre har teke konsekvensen av alle forseinkingane og kanselleringane på Sørlandsbanen. Når han skal til Oslo køyrer han bil til enten Kongsberg eller Darbu, og tek toget derfrå.
– Det er tragisk når ein ser korleis det blir satsa på tog i dette landet. Det er bingo om det kjem tog eller ikkje. Det er fullt forståeleg at talet på togreisande minkar når ein ikkje kan stole på at toget kjem og går når det skal, seier Hefre.