FEKK GJÆV PRIS: Det lokale idrettsanlegget gjekk heilt til topps.
FEKK GJÆV PRIS: Det lokale idrettsanlegget gjekk heilt til topps. FOTO: Skarphedin sykkel

Grønkjær er kåra til årets idrettsanlegg

Nyleg blei det delt ut mange prisar av idrettskretsen i fylket. På nominasjonslistene var det to kandidatar frå vår region. Ein av dei fekk pris.

Idretten i Vestfold og Telemark arrangerer årleg ein festkveld der ein gjer stas på både frivilligheita, eldsjeler og utøvarar for flott innsats og prestasjonar det siste året. Ifølgje idrettskretsen i fylket vårt er det mange som fortener merksemd.

ÅRETS IDRETTSANLEGG: Prisen gjekk til Grønkjær skiarena på Heia. FOTO: Fredrik Ødegaard

Fredag kunne alle som legg ned dugnadstimar på skiarenaen Grønkjær glede seg over at anlegget blei kåra til «Årets idrettsanlegg». Slik var grunngjevinga frå juryen:

«Grønkjær har gjort en markant forskjell for idrettsfellesskapet og lokalsamfunnet som helhet. Anlegget er topp moderne og det tilbys et bredt spekter av idrettsaktiviteter og arrangement som samler folk i alle aldre. Det har i det siste utviklet seg til å bli et parasenter for alle som fremmer inkludering og gir støtte til mennesker med ulike behov.»

Kan bli kåra til årets idrettsanlegg

Både Notodden og Midt-Telemark

Nominering av kandidatar til prisane som blei delt ut under idrettens festaftan var open for alle fram til 15. oktober, og Grønkjær blei plukka ut som ein av kandidatane til idrettsanlegg-prisen.

Notodden Energi Arena på Grønkjær ligg i Notodden kommune, men er òg populær blant mange midt-telemarkingar. Anlegget på toppen av Heia er eigd av Heddal IL, Sporsklubben Snøgg Notodden, Gransherad IL, Sauherad IL, Skarphedin IL og Sauland IL.

Andre anlegg som var nominert i same klasse var Heddal aktivitetspark på Notodden og Nanset IF-det ulitmate kompakte anlegget i Larvik.

Augon nominert til gjæv pris

ÅRETS ELDSJEL: Bjørn Halstvedt, Gulset IF, Skien. FOTO: Fredrik Ødegaard

Årets eldsjel

Idrettens festaftan fann stad på Oseberg kulturhus i Tønsberg 10. november, med utdeling av prisar og utmerkingar, samt underhaldning frå kjente artistar.

Frå Midt-Telemark var også ein annan kjent og kjær kandidat nominert til Konrad Eriksen eldsjelpris, saman med åtte andre gode kandidatar.

Augon Eika er godt kjent av mange innbyggjarar i Midt-Telemark kommune, og har drive dugnad på svært mange felt. I denne samanhengen var han nominert for innsatsen sin for Bø skiskyttarlag. Det gjekk ikkje vegen for han i år, trass i veldig stor heigjeng.

Årets eldsjel-pris gjekk i år til Bjørn Halstvedt, Gulset IF, Skien.

ÅRETS ELDSJEL: Bjørn Halstvedt, Gulset IF, Skien. FOTO: Fredrik Ødegaard

Det blei delt ut prisar i følgjande kategoriar:

  • Årets kvinnelege utøvar
  • Årets mannlege utøvar
  • Årets parautøvar
  • Årets unge utøvar
  • Årets trenar
  • Årets breiddetrenar
  • Årets team/lag
  • Årets idrettslag
  • Årets idrettsanlegg