REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad.
REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad. FOTO: Gro B. Røiland

– Midt-Telemark er under press

Det er mykje som er under press i Midt-Telemark for tida, og nå er det viktig at me er vakne. Det gjeld alle innbyggjarar og særleg dei som er sett til å forvalte interessene våre: lokalpolitikarane. Ingen ting kjem av seg sjølv, og av og til blir det heller ikkje verande, sjølv om det har stått støtt i årevis. Derfor må me passe på alt det som er godt for lokalsamfunnet i kommunen vår, og kjempe for det om nødvendig.

Trykket er stort mot Sørlandsbanen nå, og me må ikkje falle for freistinga å vere likegyldige rundt den. Sterke krefter ser gjerne at togtilbodet på innlandsstrekninga vår blir dårlegare, slik at denne reisestrekninga kan bli degradert og fasa ut til fordel for andre planar og ønskje. Det er truleg ikkje tilfeldig at svært få fylkespolitikarar uttaler seg om saka. Å prioritere kampen for Vestfoldbanen har tradisjonelt stått sterkare i nedre delar av Telemark. Viss det ikkje blir mana til kamp der, må derfor me som blir råka her ta skeia i eiga hand og løfte saka til høgare nivå. Det gjer til dømes ordførarane i ni kommunar som Sørlandsbanen tøffar gjennom, og som nå blir råka av Jernbanedirektoratet sitt forslag om å kutte stopp. Når folk brukar toget mindre, må ein første sjekke ut dei verkelege årsakane til kvifor det er slik. Hadde ein spurt, hadde nok svaret blitt pris, punktlegheit og hyppige avgangar. Mange signaliserer jo at dei prioriterer å ta toget viss dette er på plass.

I Midt-Telemark har me også andre motorar som held lokalsamfunnet på plass, som gjer det attraktivt å bu her og tilbyr arbeidsplassar og spennande miljø som genererer aktivitet. Skulemiljøet, både vidaregåande utdanning og universitetet står støtt nå, men også her lurar farar som kan rykke i rota til kommunen. Kva som skjer i desse organisasjonane er viktig å følgje med på for å sikre drifta i framtida. Det gjeld også andre institusjonar som til dømes rehabiliteringssenteret på Nordagutu og Samtun på Hørte som tilbyr rusbehandling. Begge viktige arbeidsplassar som nå har barberkniven hengande over seg.

Handels-, nærings- og kulturlivet er òg ein av drivarane i Midt-Telemark kommune, for ikkje å snakke om dei offentlege tenestene. Det må politikarane som nå må kutte millionar ikkje gløyme. Gode vurderingar, kunnskap, innsikt og stort overblikk er viktig nå, slik at ein ikkje på tilfeldig vis eller grunna prinsipiell partipolitikk strupar det som er med på å auke attraktiviteten i kommunen. Folk elskar stort sett å bu i Midt-Telemark. Nå må ikkje den følelsen bli erstatta med at innbyggjarane finn det slitsamt å halde til her.