GODT RESULTAT: Sparebanken Sør i Bø sentrum.
Hilde Eika Nesje
Sterkt kvartalsresultat for Sparebanken Sør
Sparebanken Sør melder om eit kvartalsrekneskap som viser god vekst i inntekter, sterk eigenkapitalavkastning og låg kostnadsprosent.
Administrerande direktør, Geir Bergskaug, presenterte nyleg resultata for tredje kvartal 2023. Eit resultat før skatt på 605 millionar kroner er ein solid auke frå same periode i 2022 for Sparebanken Sør.