INNFLYTTAR: Zoe Eskes
Privat
– Det var eventyrlysta som drog meg til Midt-Telemark
– Eg hadde gjerne sett meir fargar, kunst, berekraft og nisjebutikkar i sentrum, seier innflyttar Zoe Eskes.
Når flytta du til Midt-Telemark?
– Eg og familien min flytta hit i februar 2010, då huset vårt i Nederland endeleg blei selt. Me hadde god kontakt med Pål Kleffelgård, som då jobba på institusjonen NORSK, og han hjelpte oss slik at me fekk leige eit hus på ein gard i Gåravegen i Bø. Me flytta på vinterstid med lastebil, lastebilhengar, fleire dyr, som hest, gullfisk, gnagarar og hund, og flyttegods.
Når flytta du til Midt-Telemark?
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp