KREVJANDE FØRE: Det er meldt vanskelege køyreforhold.
KREVJANDE FØRE: Det er meldt vanskelege køyreforhold. FOTO: Øystein Akselberg

Åtvarar bilistane: – Det blir svært glatte vegar det neste døgnet

Fylkeskommunen har sendt ut åtvaring til dei som skal ut og køyre onsdag og torsdag.

Meteorologane har meldt om krevjande vêr og køyreforhold det neste døgnet. Også fylkeskommunen åtvarar bilistane. I dag, onsdag, kjem det mildvêr, og det er venta svært glatte vegar. Farevarselet gjeld òg for torsdag.

– Det er meldt regn og mykje vind dei nærmaste dagane. Det er fare for underkjølt regn mange stader, spesielt i øvre og vestre del av fylket. Stader der det nå er snødekke i vegbanen vil antakeleg bli omdanna til is. Det vil føre til glatt veg og vanskelege køyreforhold på fylkesvegane våre, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Det blir opplyst om at ein skal følgje situasjone nøye, og at fylkeskommunen skal gjere alt for å halde vegane køyrbare så langt det er muleg.

– Me oppfordrar alle som ferdast i trafikken til å køyre etter forholda, heiter det i meldinga.