231123 Sett frå lufta - Saga

Vasskrafta blei tidleg utnytta på denne garden ved elva

Publisert Sist oppdatert

Saga, gardsnummer 38, bruksnummer 16, ligg på sørsida av Bøelva, der elva dannar ein foss, Sagafossen. Garden vi ser på denne sida av elva er skilt ut frå Forberg, og det budde folk der frå 1500-talet. Då vart både sag og mølle drivne med vasskraft frå Sagafossen. Saga heitte den gongen Forberg sag, og eksisterte som eiga sag til dei store sagbruka, spesielt i Skien, fekk eigne rettar til å drive sagbruk. Vi veit at skiensborgaren Claus Claussøn dreiv saga i 1621. Saga vart lagt ned i 1688, og ikkje bygd opp att før på 1800-talet. På den tida var det både sag, stampe og mølle. Men det var også sagbruk på andre sida av elva på den tida.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS