SPELEMANN: Per Anders Buen Garnås.
SPELEMANN: Per Anders Buen Garnås. FOTO: Gro B. Røiland

– Det er lokalavisene sitt ansvar å dokumentere, og Bø blad har innsett dette

Eg har lyst til å gje honnør til Bø blad, som er førebiletlege når det gjeld å dekke kultur generelt, og folkemusikk spesielt.

Det er lett å seie at dét berre skulle mangle i felebygda Bø og kulturkommunen Midt-Telemark, men når ein ser kor vanskeleg det er for mange aviser å prioritere kulturstoff i det klikk- og sensasjonsbaserte medie-biletet, så synest eg Bø blad gjer ein kjempejobb.
Mitt inntrykk er at nokre av dei mest lokale avisene faktisk er dei som er aller flinkast på dette no for tida, med få unntak. Kanskje seier dette noko om kor mykje kulturtilbod betyr for lokalmiljøa, men kulturlivet er samtidig avhengig av blest kring det som blir skipa til av arrangement for at det er mogleg å halde fram med å legge til rette for opplevingar for folk flest.
Ei anna viktig side av saka er dokumentasjon. Når framtidas forskarar skal freiste å forklare kva som skjedde i kultur-Noreg i vår tid, må dei ty mykje til lokalavisene for å få eit mest mogleg heilt og fullstendig bilete. Dette har blitt lokalavisenes ansvar, og det er godt å sjå at Bø blad er i fremste rekkje av dei som har innsett dette ansvaret, sjølv om eg samtidig er glad for å vite at dei gjer det fyrst og fremst av pur interesse og engasjement.
Betre kan det ikkje bli.

Nyleg var det eit oppslag om sjokoladekappleik i Bø, som berre er eitt av mange oppslag i Bø blad på få dagar om folkemusikklivet i bygda vår. Det hadde vore endå vanskelegare å stelle i stand arrangement som dette om ikkje Bø blad var velviljuge til spreie det gode bodskapet.