DEMONSTRASJON: Varaordførar Bjørn Magne Langkås og ordførar Siri Blichfeldt Dyrland kjempar for rehabilitetssenteret på Nordagutu.
DEMONSTRASJON: Varaordførar Bjørn Magne Langkås og ordførar Siri Blichfeldt Dyrland kjempar for rehabilitetssenteret på Nordagutu. FOTO: Gro B. Røiland, arkiv

– Viktige samfunnssaker ser i stadig større grad ut til å bli styrt av andre enn dei folkevalde

Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland har grunn til å vere skuffa i desse dagar. Ho har i det siste stått på fleire barrikadar for å kjempe Midt-Telemark si sak på område som er viktige for kommunen og regionen. Dessverre er det ikkje alle saker ein kan vinne, men det er likevel bekymringsverdig korleis prosessane rundt nedlegging og forringing av tilbod i distrikta  foregår. Fleire av kampsakene ein nå ser i Midt-Telemark er i stor grad kjenneteikna av manglande demokratisk deltaking, for ikkje å snakke om dårleg informasjon. Viktige samfunnssaker ser i stadig større grad ut til å bli styrt av andre enn dei folkevalde.

Jernbanedirektoratet vil kutte i talet på stopp på Nordagutu stasjon, med argument som står på svakt grunnlag. Informasjon om dette blei ikkje lagt fram for nokon av dei ni kommunane som blir råka av forslaget om å svekke tilbodet på Sørlandsbanen. Bare takka vere ein våken fylkespolitikar fekk ordførarane i Telemark nyss om saka. Det er òg vanskeleg for media å kome gjennom til både Jernbanedirektoratet og Go Ahead for å få svar på relevante spørsmål i saka. Dei som vil kutte gjer seg ikkje særleg tilgjengelege for spørsmål. Dei bare kuttar.

Måndag blei det klart at Nordagutu rehabiliteringssenter blir lagt ned. Det har sjukehusstyret bestemt utan medverknad eller innspel frå vertskommunen Midt-Telemark, eller andre kommunar i Telemark. Dette skjer sjølv om ein har eit forum der ordførarar og rådmenn kan møte leiinga ved Sykehuset Telemark. Ordføraren i Midt-Telemark beskriv heile saka som ein elendig og lite demokratisk prosess. Det har gått veldig fort sidan det blei kjent at ein ønskte å endre i døgntilbodet på Nordagutu, til det blei bestemt å leggje ned heile avdelinga. I etterkant er det lett å tenkje at her har Sykehuset Telemark rett og slett heldt det politiske miljøet for narr.

Det kan godt vere at det er sterke faglege grunnar til at ein endrar i visse tilbod, men ein skal vere på vakt og ikkje bøye seg rett i støvet når det kjem forslag om strukturelle endringar som får negative konsekvensar for distrikta. Det som til dømes skjer i helsenoreg nå er urovekkande, og ein kan stille spørsmål til kva det neste blir, og om det nødvendigvis er til det betre.

Det minste ein kan forlange er i alle fall at prosessane skal vere ryddige og ikkje kalkulerte, og at det blir informert nok. Kritiske spørsmål er alltid nødvendige, slik at ein i alle fall er sikker på at vedtak blir belyst godt nok og gjort på rett grunnlag.