Mange meiner at publisering av skattelister oppfordrar til kikkarmentalitet. Redaktørane har likevel gode grunnar til å offentleggjere skattelistene.
– Innsyn og openheit kan òg byggje tillit til skattesystemet, og kan styrke demokratiet, som er tufta på transparens, seier redaktør Hilde Eika Nesje i Bø blad – lokalavis for Midt-Telemark.
Kan hindre kriminalitet
Ho peikar på at det alltid vil vere slik at når tala frå Skatteetaten blir presentert og gjort tilgjengelege for lesarane, vil det alltid vere nokon som nyttar høvet til å sjekke kva til dømes familie og naboar tener og har i formue. For å demme litt opp for både nyfikne og misunning kom det derfor for nokre år sidan avgrensingar for søk, slik at folk nå må identifisere seg før ein gjer søk hos Skatteetaten.
– At det er muleg å finne ut kor store personlege inntekter og formue nokon har, og kor mykje dei betaler i skatt, er relevant og viktig informasjon. Sjølv om tala som kjem fram ikkje alltid gjev eit heilt riktig bilde av den faktiske inntekta og formua, har det ein verdi for samfunnet at offentlegheita kan sjå kor mykje skatt som blir betalt. Opne skattelister kan hindre kriminalitet, svart verksemd og juks, seier Eika Nesje.
Ho legg til at når ein kan finne ut om nokon bør bidra meir til fellesskapet og kor dei rikaste i Noreg bur, kan det òg vere ein peikepinn på om forskjellane mellom folk har auka, og om det betyr noko kor ein bur i landet i forhold til kva ein tener.
– Det kan òg vere gode grunnar til å fortelje og finne ut kvifor nokon har hatt kraftige inntektshopp frå eit år til eit anna, seier Eika Nesje.
– Må vere bevisst
Redaktøren understrekar likevel at det sjølvsagt er ein fare for at folk blir opptatt av det andre tener, og at offentlege skattelister til dømes kan bli bruka til samanlikning og mobbing blant barn.
– Akkurat dét er gode argument mot openheit, me må derfor alltid vere bevisst på det me gjer og korleis me presenterer listene. Eg meiner likevel at det er ein del av mediene sitt samfunnsoppdrag å gje innsyn i skattelistene. Det kan føre til debatt både rundt fordeling av goder og avsløre forskjellar, seier Eika Nesje.