DET KVITE HUS: Kommunehuset i Midt-Telemark.
DET KVITE HUS: Kommunehuset i Midt-Telemark. FOTO: Bø blad, arkiv

– At nokon nærmast ønskjer seg til Robek er til å bli deppa av

Å følgje med på politisk styring av Midt-Telemark kommune dei siste fire åra har vore spesielt. Det har òg vore interessant og spennande fordi det har vore første periode for den samanslåtte kommunen, med nye politikarar frå ulike kulturar, og ulik mengde erfaring og politisk ballast. For kvart år har det òg vore stadig meir nedslåande å følgje det politiske livet og spelet. Oppleving av uro, detaljstyring i behandling av saker og ansvarsfråskriving har i aukande grad meldt seg.

I fire år har Senterpartiet fått sitte i sjefsstolen. Etter årets val var det 29,5 prosent av dei som stemte i Midt-Telemark som igjen valte å støtte partiet slik at det kan fortsette å regjere. Det er ei tillitserklæring sett i lys av korleis kommuneøkonomien nå er stilt. Dei som styrer politisk hevdar i gjentakande ordelag at det er samanslåinga av kommunane Bø og Sauherad eller media som har skylda, eller at det er administrasjonen sin feil fordi den ikkje følgjer oppdraget frå politikarane. At det kan opplevast frustrerande for dei som er tilsette i kommunen å jobbe fram stadig nye forslag, som gong på gong blir kasta tilbake, blir det ikkje like ofte sagt noko om.

Ein kan òg oppleve ein form for mistillit mot dei som jobbar i kommunen i politiske møte når ordføraren ved fleire høve har opna med kommentarar om kor skuffa politikarane er. Viss ein har lite tillit til arbeidet som er gjort, eller ikkje gjort, ville det kanskje vore meir rett å uttrykke prinsipiell mistillit, slik ordføraren gjorde det bare to månader inn i sin førre styringsperiode. Det resulterte i den førre kommunedirektørens avgang, og er nok ein situasjon som Senterpartiet vil unngå så langt det let seg gjere. Men enten må ein stole på administrasjonen, eller så får ein be leiinga gå.

For kommunetilsette eller andre innbyggjarar er det lite oppløftande å følgje politiske møte der det kjem budsjettforslag utan inndekning og at det blir sagt at det ikkje er krise i kommunen. I den økonomiske situasjonen som kommunen står i nå, er gode samarbeidsevner avgjerande for å få politikarar frå alle leirar og administrasjonen til å løfte i flokk. At nokre av dei folkevalde i styringspartia nærmast ønskjer seg til Robek-lista er rett og slett deprimerande, og veldig lite ambisiøs styring på vegner av innbyggjarane i Midt-Telemark kommune.