HEADLINER: Styreleiar Jon Rørmark med årets headliner.
Gro B. Røiland
Jon får ei internasjonal stjerne til opningskonserten
Tine Thing Helseth er årets headliner på opningskonserten til Norsjø kammermusikkfest. Med det kjem ei av musikkverdas største stjerner til ein av verdas minste klassiske festivalar.
Ho har jobba med symfoniorkester og kammerorkester i internasjonal toppklasse, vunne internasjonale prisar og hausta applaus for spelet sitt på seks kontinent. Til våren kjem trompetist Tine Thing Helseth til Midt-Telemark og Norsjø kammermusikkfest, der ho mellom anna skal spela med Bø skulemusikk.