DATAANGREP. Redaktør og dagleg leiar av lokalavisa i Midt-Telemark, Hilde Eika Nesje, er glad for å vere tilbake med nettavis etter at den blei utsett for eit alvorleg dataangrep.Redaktør Hilde Eika Nesje
Bø blad
Lokalavis for Midt-Telemark
VIL FEIRE REDAKTØRPLAKATEN: Redaktør og dagleg leiar av lokalavisa i Midt-Telemark, Hilde Eika Nesje. FOTO: José Bakker

– Me bur i verdas mest pressefrie land, og det kan me vere glad for

Det finst ein plakat som fortener å bli snakka meir om. I år er det 70 år sidan Redaktørplakaten såg dagens lys. Den 22. oktober 1953 blei denne erklæringa vedtatt av Norske Avisers Landsforbund og Norsk Redaktørforening, og den har blitt revidert og styrka både i 1973 og 2004. Redaktørplakaten synleggjer redaktørens ansvar, plikter og rettigheiter, og skal sikre redaksjonell fridom. I 2009 blei kjernen i plakaten lovfesta, og for fire år sidan blei dagens utgåve underteikna med eit modernisert språk.

Plakaten seier at det er opp til eigarane av eit medium å bestemme grunnsyn og formålsreglane i mediet, men den seier òg at redaktøren skal kunne leie redaksjonen fritt og utan innblanding innanfor den gjevne ramma. Denne avtala gir norske redaktørar ei unik og meir sjølvstendig rolle enn kollegaer i ei rekkje andre land. Avtalen er først og fremst ei rettleiing, men den slår òg fast at viss det skulle dukke opp ei uløyseleg konflikt, er det redaktørens plikt å trekkje seg. Samtidig står det svart på kvitt at den som er ansvarleg redaktør ikkje skal la seg påverke av styrets eller styremedlemmenes særinteresser i forhold som vedkjem redaksjonelle spørsmål.

Redaktørplakaten er eigentleg ganske oppsiktsvekkande. Først og fremst fordi medieeigarar gir frå seg store delar av styringsretten sin gjennom ei avtale som er heilt frivillig. Det er redaktøren som har det fulle ansvar for innhaldet i mediet, men fridom og ansvar heng tett ihop. Redaktøren er forplikta til å ivareta ytringsfridomen, pressefridomen og informasjonsfridomen, og skal dessutan ivareta anonymitetsretten og kjeldevernet. Målet er å fremje «ein open, redeleg og sannheitssøkjande journalistikk». Det er derfor det blir snakka så mykje om redaktørstyrte medium, særleg når ein samanliknar dei med til dømes sosiale medium. På SoMe er alle sin eigen redaktør, med få eller ingen forpliktingar. Der kan alle vri og vende på sanninga og lage sin eigen versjon av den, utan kritiske motrøyster.

Me bur i verdas mest pressefrie land, og det kan me vere glad for. Redaktørar flest arbeider for dei demokratiske rollene til frie medium og det som etter hans eller hennar meining tener samfunnet. Vidare skal redaktøren fremje ein sakleg journalistikk, i tillegg til å gjere klart for mottakaren skiljet mellom både fakta og meiningsinnhald, og mellom redaksjonelt innhald og kommersielt materiale.

Dette gjeld òg i små lokalsamfunn. Og sjølv om media kan gjere feil og ein kan vere ueinig i innhaldet som blir presentert, skal ein likevel kunne stole på redaktørprinsippet. Det er verdifullt for demokratiet. Derfor er det også viktig at ein ikkje snakkar ned redaktørstyrte medium si samfunnsrolle.