REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad.
REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad. FOTO: Gro B. Røiland

– Det byggjer ryggrad å diskutere, møte motgang og smake på andres synspunkt

Det går fort mot jul og avslutning på nok eit år. Det betyr som vanleg at ein reflekterer og tenkjer over kor ein har vore og kva som har skjedd, kva som var bra og kva som var dårleg med året ein har bak seg. 2023 er snart historie, og det er lov til å meine litt om korleis ein synest det gjekk, og kanskje kva ein kan gjere betre.

Det er mykje håplaust i lufta når me rundar av mot 2024. Krigar pågår, som det for øvrig alltid har gjort, rundt omkring i verda. Dei har bare ikkje vore like synlege i Vesten som dei konfliktane som nå nesten tappar oss for håp. Det har også blitt dyrare å bu og leve i Noreg, og forskjellane mellom dei som har for mykje og altfor lite aukar. Det er verken bra for velferdssamfunnet, fellesskapstanken eller demokratiet. Når misnøya veks, blir det uro, og det er lettare å ty til enkle løysingar og store, men tomme ord. Rommet for einerherskarar som styrer ei ukritisk masse har lett for å auke i takt med mismotet. Populismen har godt spelerom i vanskelege tider.

Lokalt blir me mismodige av den dårlege kommuneøkonomien. Institusjonar som løftar Midt-Telemark og har definert kommunen i mange år er under angrep. Tog, skule og helseinstitusjonar i distriktet er livsviktige for små lokalsamfunn. Viss distriktet fortsatt skal vere attraktivt å leve i, må me alle vere med og kjempe for det.

For Midt-Telemark sin del er det kanskje to ord som stikk seg ut i 2023: Takke og meine. Me bør vere takknemlege for at det stort sett er godt å vere midt-telemarking og at det me slit med er små problem viss ein samanliknar oss med andre menneske på heilt andre stader i verda. Trass dyrtid, fæle straumprisar og nedleggingstruslar kan dei fleste av oss leve gode liv under trygge tak, og med klede og mat nok. Mange av oss har også så mykje av det basale at me kan dele med dei som slit, og slik gjere det betre for fleire å bu her. Heldigvis er det nok av gode historier som viser at det er mange som engasjerer seg, set fellesskapet lokalt høgt og bidreg til å byggje det godt.

Meine er noko me er flinke til i Midt-Telemark, og enda flinkare kan me bli. Det byggjer godt demokrati og ryggrad å diskutere frå ulike ståstader, møte motgang og smake litt på andres synspunkt. Me må lære yngre generasjonar å tolerere andre slik at dei skjønnar kva det å bli krenka eigentleg handlar om. Så takk gjerne, og mein meir i 2024!