VINTER: Det er full vinter på Lifjell, men det yrar likevel av liv. Både tobeinte og firbeinte rører seg i snø og kulde. Bildet er tatt 25. november.
VINTER: Det er full vinter på Lifjell, men det yrar likevel av liv. Både tobeinte og firbeinte rører seg i snø og kulde. Bildet er tatt 25. november. FOTO: Gerd SkolandBilde 1 av 9
PILFINK PÅ TRÅD: Gir ein småfuglane mat i den kalde tida, får ein tilbake liv i hagen og underhaldning utanfor vindaugo. Her er ein gjeng pilfink samla på ein straumtråd, klare til å stupe ned til godsakene i fuglemataren.
PILFINK PÅ TRÅD: Gir ein småfuglane mat i den kalde tida, får ein tilbake liv i hagen og underhaldning utanfor vindaugo. Her er ein gjeng pilfink samla på ein straumtråd, klare til å stupe ned til godsakene i fuglemataren. FOTO: Gro B. RøilandBilde 2 av 9
LEVERTE SJEKK:  Tove Ytterbø, som i år er fylkesaksjonsleiar i TV-aksjonen i Vestfold og Telemark, kom på besøk til Gvarv skole. Med seg hadde ho Gunhild Else Kleven Ripegutu, som er lokallagsleiar for Redd Barna og Samira Rached El-Hajj, representant frå lokallaget i Midt-Telemark. Dei kom for ta imot ein solid sjekk frå Gvarv skole, der elevane gjennom Åpen skole har samla inn heile 30.000 kroner. Det var elevrådet som stod for overrekkinga av pengane.
LEVERTE SJEKK: Tove Ytterbø, som i år er fylkesaksjonsleiar i TV-aksjonen i Vestfold og Telemark, kom på besøk til Gvarv skole. Med seg hadde ho Gunhild Else Kleven Ripegutu, som er lokallagsleiar for Redd Barna og Samira Rached El-Hajj, representant frå lokallaget i Midt-Telemark. Dei kom for ta imot ein solid sjekk frå Gvarv skole, der elevane gjennom Åpen skole har samla inn heile 30.000 kroner. Det var elevrådet som stod for overrekkinga av pengane. Bilde 3 av 9
PEPPARKAKEHUS: Under årets julegrantenning i Eikja­bygda var det i år samtidig invitert til konkurranse om det finaste pepparkakehuset i bygda. Her ser me vinnarlaget med Kristian Kåsa Lunder, Lars Mølstre, Sverre Halkinrud Hynne  og Guri Mølstre. Det var som vanleg stinn brakke på grendehuset, med vel 70 frammøtte.
PEPPARKAKEHUS: Under årets julegrantenning i Eikja­bygda var det i år samtidig invitert til konkurranse om det finaste pepparkakehuset i bygda. Her ser me vinnarlaget med Kristian Kåsa Lunder, Lars Mølstre, Sverre Halkinrud Hynne og Guri Mølstre. Det var som vanleg stinn brakke på grendehuset, med vel 70 frammøtte. FOTO: Halvor EikaBilde 4 av 9
JULEMØTE: Det blei ein svært hyggeleg kveld då Midt-Telemark og Notodden lokallag av Blindeforbundet kom saman til julemøte på Aarnes kafeteria på Gvarv onsdag kveld. Det blei servert nydeleg julemiddag, Ellen Brox Krogsrud og Liv Marit Hillestad underheldt med julesongar og Edel Gunnheim stod for det lyriske innslaget. Utlodning er alltid gøy, også denne gongen. Eit koseleg julemøte som sette punktum for eit aktivt og fint år for begge lokallaga. Tusen takk til Aarnes kafeteria for god mat og god service.
JULEMØTE: Det blei ein svært hyggeleg kveld då Midt-Telemark og Notodden lokallag av Blindeforbundet kom saman til julemøte på Aarnes kafeteria på Gvarv onsdag kveld. Det blei servert nydeleg julemiddag, Ellen Brox Krogsrud og Liv Marit Hillestad underheldt med julesongar og Edel Gunnheim stod for det lyriske innslaget. Utlodning er alltid gøy, også denne gongen. Eit koseleg julemøte som sette punktum for eit aktivt og fint år for begge lokallaga. Tusen takk til Aarnes kafeteria for god mat og god service. FOTO: PrivatBilde 5 av 9
KRANSEBINDING: For sjette år på rad har Bø bygde­kvinnelag arrangert kurs i kransebinding. Det er populært, og i år deltok 26 personar i alderen 5 til 90 år. Alle kunne ta med ein flott sjølvl­aga krans eller to heim att frå kurset. I år er det sjette året på rad laget arrangerer kransebindingskurs, og dermed har det blitt ein tradisjon. Tradisjonen tru blei det servert «Bøgraut» og spekemat, og kvelden blei avslutta med kake, kaffi og loddsal.
KRANSEBINDING: For sjette år på rad har Bø bygde­kvinnelag arrangert kurs i kransebinding. Det er populært, og i år deltok 26 personar i alderen 5 til 90 år. Alle kunne ta med ein flott sjølvl­aga krans eller to heim att frå kurset. I år er det sjette året på rad laget arrangerer kransebindingskurs, og dermed har det blitt ein tradisjon. Tradisjonen tru blei det servert «Bøgraut» og spekemat, og kvelden blei avslutta med kake, kaffi og loddsal. FOTO: PrivatBilde 6 av 9
231207 Kransebinding foto privat
Bilde 7 av 9
LYSTE OPP EIN VINTERMØRK MORGON: Tradisjonen tru inviterte Korskulen i Bø til Lucia­morgon også denne 13. desember, og her møtte mange opp klokka sju for å få med seg vakker song og den spennande historia om Lucia. Den blei fortalt av den profesjonelle forteljaren Helga Samset, busett i Oslo, men med røter i Bø. Barnekora Sing Lett og Seltin frå Korskulen deltok med både skodespel og vakker song i morgongryet, og styret for barnekoret stod klar med lussekattar, frukost og kaffe til alle som møtte opp.
LYSTE OPP EIN VINTERMØRK MORGON: Tradisjonen tru inviterte Korskulen i Bø til Lucia­morgon også denne 13. desember, og her møtte mange opp klokka sju for å få med seg vakker song og den spennande historia om Lucia. Den blei fortalt av den profesjonelle forteljaren Helga Samset, busett i Oslo, men med røter i Bø. Barnekora Sing Lett og Seltin frå Korskulen deltok med både skodespel og vakker song i morgongryet, og styret for barnekoret stod klar med lussekattar, frukost og kaffe til alle som møtte opp. FOTO: Jose BakkerBilde 8 av 9
Populært kurs: Då Bø bygdekvinnelag arrangerte pølse­kurs var det vente­liste. – Bygdekvinnelaget er opptatt av mattradisjonar, både når det gjeld å bruke lokale råvarer og å halde ved like gamle tradisjonar, fortel Hanne- Gudveig Stærk i bygde­kvinnelaget. Det var plass til ti personar på kurset, som gjekk føre seg i kjøkkenet på samfunnshuset på Gvarv. Alle fekk utlevert råvarene dei trong, og pølsemakar Odd Terje     Røstad både demonstrerte og hjelpte til når deltakarane møtte på problem. Resultatet vart mange meter medister som kursdeltakarane, familiemedlemmar og eventuelle gjester kan kose seg med, for eksempel i jula.
Populært kurs: Då Bø bygdekvinnelag arrangerte pølse­kurs var det vente­liste. – Bygdekvinnelaget er opptatt av mattradisjonar, både når det gjeld å bruke lokale råvarer og å halde ved like gamle tradisjonar, fortel Hanne- Gudveig Stærk i bygde­kvinnelaget. Det var plass til ti personar på kurset, som gjekk føre seg i kjøkkenet på samfunnshuset på Gvarv. Alle fekk utlevert råvarene dei trong, og pølsemakar Odd Terje Røstad både demonstrerte og hjelpte til når deltakarane møtte på problem. Resultatet vart mange meter medister som kursdeltakarane, familiemedlemmar og eventuelle gjester kan kose seg med, for eksempel i jula. FOTO: Hanne-Gudveig St¾rkBilde 9 av 9

Glimt frå desember i Midt-Telemark

Det skjer noko heile tida i Midt-Telemark, både av smått og stort. Her er nokre bilde som er sendt inn til lokalavisa i løpet av desember månad.