MYKJE SNØ: Statens vegvesen og vegeigarane er førebudd på kraftig snøvêr.
Bø blad, arkivfoto
– Søk trafikkinformasjon, kle deg godt og køyr forsiktig
Kraftig snøver og sterk vind vil påverke trafikken i Sør-Noreg nyttårseftan. – Søk trafikkinformasjon, kle deg godt og køyr forsiktig viss du må ut på vegane, er rådet til trafikantane frå Statens vegvesen.
Toppen kjem nyttårseftan. Da kan det falle opp mot ein meter snø i enkelte område. Spesielt utsett blir det aust for Lindesnes i Agder og heile vegen opp kysten til sørlege Vestfold. I kystnære strøk i Agder kan nedbøren i periodar kome som sludd eller regn, og vinden langs kysten kan bli opp mot sterk kuling.