KJENDIS: Anne Fagermo deltok i kjent TV-program i 2023.
KJENDIS: Anne Fagermo deltok i kjent TV-program i 2023. FOTO: Bø blad, arkiv

Test deg sjølv: Kva veit du om lokale kjendisar?

Julequiz med tema frå Midt-Telemark. Her kan du sjekke kva du kan om lokale kjendisar.

SPØRSMÅL:

  1. Han blir kalla meister og har vunne Landskappleiken fem gonger. Kven er det?
  2. Kva heiter vokalisten i bandet Ni Liv?
  3. Kva for ein fotballklubb sparka den suksessfulle fotballtrenaren Dag Eilev Fagermo?
  4. Kva heiter ein aktuell NRK-profil som starta kjendislivet i Melodi Grand Prix junior?
  5. Kva for ein journalist, forfattar og TV-underhaldar var med og grunnla Sommarland?
  6. I kva for TV-program deltok Anne Fagermo tidleg i 2023?
  7. Kva heiter fotballspelaren frå Midt-Telemark som er proff i Frankrike?
  8. Kva heiter den unge skodespelaren som er aktuell med julefilm på Netflix?
  9. Kva heiter bandet frå Midt-Telemark som blei kjent i TV-programmet Rednecks?
  10. Kva for eit band frå Midt-Telemark skal spele same dag som Deep Purple på neste års bluesfestival?
  11. Kva heiter midt-telemarkingen som er innhaldsleiar i TV2-sporten?
  12. Han var både landbruks- og handelsminister, og har ein plass i Bø oppkalt etter seg. Kva heiter han?
  13. Berømt general og viktig historisk person i Danmark, som blei fødd i Bø?
  14. Han har gjort det bra som krimforfattar, og bur i Bø. Kven er det?
  15. Kven er med i gruppa han gaiden, som var nominert til Spelemann i kategorien elektronika i 2023?

SVAR:

1) Per Anders Buen Garnås 2) Jon Solberg 3) Vålerenga Fotball 4) Annika Momrak 5) Halvor Kleppen 6) The Voice 7) Elba Rashani 8) Ida Ursin Holm 9) Byting 10) Kaasin 11) Tormod Hynne 12) Hallvard Eika 13) Olaf Rye 14) Vidar Sundstøl 15) Ingrid Skåland Lia