AUKE: Talet på heilt arbeidsledige eller arbeidssøkarar på tiltak har auka kraftig i Vestfold og Telemark det siste året.
AUKE: Talet på heilt arbeidsledige eller arbeidssøkarar på tiltak har auka kraftig i Vestfold og Telemark det siste året. FOTO: Illustrasjon frå NAV

Flest arbeidsledige i landet – og verre er det forventa å bli

Ved utgangen av 2023 toppa Vestfold og Telemark fylke statistikken over talet på arbeidsledige i landet. Arbeidsløysa er forventa å stige utover i 2024. 

Ved utgangen av året var 6025 personar registrert som heilt arbeidsledige eller arbeidssøkarar på tiltak i Vestfold og Telemark. Det er 682 fleire personar enn i same periode i fjor.

– I eit historisk perspektiv har arbeidsløysa vore låg i 2023, men den har stige gjennom året. Med høg prisvekst, auka utgifter og stigande styringsrente har mange bedrifter fått mindre handlingsrom. Me forventar at det vil bli litt lågare etterspurnad etter arbeidskraft i 2024, og at talet på arbeidsledige derfor vil stige noko i det nye året også, seier Anders Anundsen, direktør i NAV Vestfold og Telemark.

Det er store forskjellar frå kommune til kommune. Høgast var arbeidsløysa i Nome med 3,4 prosent, fylgd av Horten med 3,3 prosent. Midt-Telemark har ei arbeidsløyse på 3,1 prosent. Kviteseid kjem best ut med ei arbeidsløyse på 1,1 prosent.

Tala omfattar både heilt ledige personar og arbeidssøkarar på tiltak.

Høgast i landet

Samanlikna med resten av landet er Vestfold og Telemark den regionen som har høgast arbeidsløyse i landet nå.

Gjennomsnittleg arbeidsløyse i landet er 2,3 prosent, mens den er 2,9 prosent i Vestfold og Telemark.

– At vår region har høgast arbeidsløyse kan henge saman med næringssamansetninga her. Det er ikkje uvanleg at ein aukande arbeidsløysetrend startar i vår region. Dette viser seg også ved at me ser ein auke i talet på permitteringar, meiner Anundsen.

I november var 753 av arbeidssøkarane permitterte. Dei fleste permitterte kjem frå bygg- og anleggsbransjen. Mens januar starta med låg arbeidsløyse, har det stige gradvis gjennom året.

Ved utgangen av desember var det registrert 1611 nye ledige stillingar. Dei fleste ledige stillingane var innan helse og omsorg, industriarbeid og kontorarbeid.

Mange frå Ukraina

Andelen arbeidsledige er høgare blant personar med innvandrarbakgrunn, og stadig fleire kjem frå Ukraina. NAV har registrert 314 personar som heilt arbeidsledige eller arbeidssøkarar på tiltak frå Ukraina i Vestfold og Telemark.

– Flere av dei som har flykta frå Ukraina registrerer seg som arbeidssøkarar. Det er viktig å bidra til at desse kjem raskt ut i arbeid. For å lykkast i dette arbeidet er me heilt avhengig av at kommunar og andre arbeidsgivarar, saman med NAV, legg til rette for fleire praksisplassar, seier Anundsen.

PRAKSISPLASSAR: Direktør i NAV Vestfold og Telemark, Anders Anundsen, meiner det er viktig å legge til rette for fleire praksisplassar for å få ned arbeidsløysa blant ukrainske flyktningar. FOTO: Marta Kjøllesdal, arkivfoto

Neste års utfordringar

– Til neste år, i ein truleg meir krevjande arbeidsmarknad, blir det ekstra viktig å styrke den kompetansen arbeidsmarknaden treng. NAV må, saman med næringslivet og andre offentlege samarbeidsaktørar, jobbe ekstra for å inkludere fleire i arbeidslivet. Spesielt dei yngste, innvandrarar og dei med helseutfordringar må støttast inn i meiningsfull aktivitet og arbeid, gjerne gjennom ulike kompetansehevande tiltak, seier NAV-direktør Anders Anundsen.

Vestfold og Telemark, desember 2023

  • Heilt ledige: 4859
  • Ledige på arbeidsmarknadstiltak: 1166
  • Delvis ledige: 2201
  • Andel heilt ledige og på tiltak: 2,9 prosent
  • Andel delvis ledige: 1 prosent
  • Ledige stillingar: 1611

Kjelde: NAV Vestfold og Telemark