BORTEBUAR: Kjell Gunnar Bøen.
BORTEBUAR: Kjell Gunnar Bøen.

– For å komme meg til skulen måtte eg gå over Bøelva på ski

– Eg har køyrt utruleg mange gonger opp og ned frå Skien. I gamle dagar var det 246 svingar, seier bortebuaren Kjell Gunnar Bøen (81).

Namn og alder?

Kjell Gunnar Bøen, 81 år.

Når flytta du frå Bø?

– Eg flytta i 1957, då eg var 15 år gamal.

Kvifor flytta du frå Bø?

– Eg flytta for å gå på skule i Skien.

Kvar er du no, og kva gjer du der?

– Eg bur framleis i Skien, på Gulset, og er travelt opptatt som pensjonist. Eg er birøktar, syng i kor og er glad i å komme meg ut på tur.

Kva saknar du frå Bø?

– Eg flytta jo ut for lenge sidan, så mykje har eg gløymt. Men eg er glad for å ha familie midt i smørauget igjen no. Eg køyrer mykje til Bø, og har køyrt utruleg mange gonger opp og ned frå Skien. Det var 246 svingar i gamle dagar.

Kva saknar du ikkje?

– Eg saknar ikkje skulevegen. Eg måtte gå over Bøelva på ski ved Gårabru. Etter å ha jobba i vegvesenet i mange år er eg glad for at barnebarna og alle andre no har bru over der.

Korleis beskriv du Bø for andre?

– Eg har berre godt å seie om Bø, ei kulturbygd med masse kulturtilbod, fantastisk kulturskule, universitetet og mykje anna.

Flyttar du nokon gong tilbake?

– Det trur eg ikkje.