NYE REGLAR: Frå 1. januar blir det nye reglar i arbeidslivet.
NYE REGLAR: Frå 1. januar blir det nye reglar i arbeidslivet. FOTO: Arbeidstilsynet, illustrasjonsfoto

Frå i dag er det nye reglar. Dei omfattar 35.000 verksemder

Frå 1. januar blir det nye reglar for verneombod og arbeidsmiljøutval. Nå må alle verksemder med fem eller fleire tilsette ha verneombud.

Endringane er i arbeidsmiljølova og inneber at alle verksemder med fem eller fleire tilsette må ha verneombod. I tillegg må verksemder med 30 eller fleire tilsette ha arbeidsmiljøutval.

– Både verneombodsordninga og arbeidsmiljøutval er viktig for å ivareta arbeidstakarane sin medverknad i arbeidsmiljøarbeidet i verksemder, seier Tonje Faanes, seksjonsleiar i Arbeidstilsynet.

Alle skal ha verneombod

Arbeidsmiljølova pålegg alle arbeidsplassar å ha minst eitt verneombod. Verksemder med færre enn fem arbeidstakarar vil likevel kunne avtale ei anna ordning. I dag har verksemder med færre enn ti arbeidstakarar hatt moglegheit til dette.

Det betyr at endringane frå nyttår vil føre til at om lag 35.000 verksemder må innføre verneombod.

Verneombodet får også fleire tilsette under sitt verneområde. Innleigde arbeidstakarar og sjølvstendige oppdragstakarar som utfører arbeid som er nært knytt til verksemda, skal også omfattast av verneombodet.

Det blir presisert i tillegg i lova at verneombodet sine oppgåver omfattar arbeidstakarane sitt psykososiale arbeidsmiljø.

Krav om opplæring

Verneombodet er eit bindeledd mellom arbeidsgivar og arbeidstakar i arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS). Verneombodet representerer arbeidstakarane i dette arbeidet, og skal delta aktivt i HMS-arbeidet på arbeidsplassen.

Arbeidsgivar skal sørge for at verneombodet får nødvendig opplæring i helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Opplæringa skal sette verneombodet i stand til å representere arbeidstakarane og bidra i arbeidsmiljøarbeidet på arbeidsplassen. Minimumskravet er 40 timar opplæring.

Nye reglar for arbeidsmiljøutval

Nye regler om arbeidsmiljøutval (AMU) trer også i kraft i 2024. Dei nye reglane pålegg alle verksemder med minst 30 tilsette til å opprette eit arbeidsmiljøutval. I dag er terskelen for å etablere arbeidsmiljøutval 50 tilsette.

Arbeidsmiljøutvalet skal arbeide for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i verksemda. Utvalet skal delta i planlegging av verne- og miljøarbeidet i verksemda, og følgje nøye med på utviklinga av arbeidsmiljøet.

Slik er endringane i arbeidsmiljølova:

Frå 1. januar 2024 trer desse endringane i arbeidsmiljølova om verneombod i kraft:

  • Alle verksemder skal ha minst eitt verneombod, men dersom det er færre enn fem arbeidstakarar, så kan det avtalast ei anna ordning (endra §6-1. 1. ).
  • Verneombodets oppgåver omfattar også innleigde arbeidstakarar og sjølvstendige oppdragstakarar som utfører arbeid nært knytt til verksemda (§6-2. 1. får tilføying).
  • Det stadfestast at verneombodet sine oppgåver også omfattar arbeidstakarane sitt psykososiale arbeidsmiljø (§ 6-2. 2. får derfor ny bokstav f).

Frå 1. januar 2024 trer desse endringane (endra §7-1 første ledd) i arbeidsmiljølova om arbeidsmiljøutval i kraft:

  • Det skal opprettast arbeidsmiljøutval i verksemder med fleire enn 30 tilsette, eller i verksemder med 10-30 tilsette når ein av partane i verksemda krev det.
  • Der arbeidsforholda tilseier det, kan Arbeidstilsynet bestemme at det skal opprettast arbeidsmiljøutval i verksemder med færre enn 30 arbeidstakarar.