Bø gamle kyrkje. Her var det tidlegare tradisjon for å ha messe på den gamle juleftan.
Bø gamle kyrkje. Her var det tidlegare tradisjon for å ha messe på den gamle juleftan.

Kan du svare på desse spørsmåla om jula og juleskikkane?

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det Marta sin tur.

  1. Trettandedagen var viktigare før. Kvifor?
  2. Kva dato er trettande dagen?
  3. 13. desember har lenger tradisjonar enn den nyare Lucia-dagen. Kva var det før?
  4. Lucia blir rekna som god, men kva med den nordiske Lussi (i Lussi langnatt)
  5. Etter gammalt var det også noko anna som var ute på Lussi langnatt og som ikkje var bra?
  6. Kva måtte ein gjere i gamle dagar for å verne seg mot vonde makter i juletida?
  7. I førkristen tid, kva kunne ein verne seg med då?
  8. Etter gammalt var det nokon ein måtte gjere 20. dagen?
  9. Gå julebukk, kva er det?
  10. Andre namn på nissen?
  11. Eine nissenamnet i svaret over gav namn til eit bestillingsverk til Telemarkfestivalen?
  12. I gamletestamentet blir det skildra at tre blir hogne og pynta med sølv og gull. Det blir kalla?
  13. Dagens skikk med juletre kjem frå?
  14. Kva er det tidlegaste me kjenner juletre i Noreg?
  15. Kvar stod det første utandørs juletreet i Noreg?

1) Det var den gamle juleftan 2) 6. januar 3) Den gamle solsnudagen 4) ho har forbidelsar til den vonde 5) Åsgårdsreia 6) Brenne tjære og  setje krossmerkje over alle dører 7) Stål, f.eks. henge hestesko over døra, med opninga opp 8) Det var den store festdagen og ein måtte ete opp all julematen 9) Kle seg ut og gjennom å opptre med noko be om mat og drikke 10) Haugebonden eller gardvoren 11) Haugebonden 12) Avgudsdyrking 13) Tyskland 14) I Oslo rundt 1820 15) På Universitetsplassen i Oslo i 1919.

Kjelder: Nils Flatland, Bø blad, Wikipedia