GAMMALT BRUK: Her var det tidleg busetting.
GAMMALT BRUK: Her var det tidleg busetting.

Her budde det folk før Svartedauden

Østerligardane ligg fint til i den bratte lia nordaust for Juvsåa, opp mot Lifjell. Det som me kjenner best der oppe er Lifjell Hotell, som i dag er kunst­senter. Rett nedanfor hotellet ligg Nordigard Østerli, bnr. 18, gnr. 14. Eigedomen går ned mot Juvsåa, og på austsida av denne elva opp til Grostulbekken. Eige­domsgrensa følgjer så denne bekken opp til Grostul, nesten opp til det vestleg­aste hytte­feltet sett frå parkeringa på Jønnbu. Den nordaustlege delen av eige­domen går grovt sett inn til vegen frå Grindeberget og ned forbi hotellet. Til saman blir dette nesten 1560 mål. Under 50 mål av dette er dyrka mark.

Mykje tyder på at denne garden oppsto som sjølvstendig bruk så tidleg som i mellom­alderen, før Svartedauden. Om den har vore øydegard kan ein berre spekulere i. I 1585 er den første gong nemnt i skriftlege kjelder. Frå omkring 1660 og ei tid ut på 1700-talet var Nordigard Østerli pantsett til byfolk. Men det kan samtidig tyde på at brukarane heile tida var lokale folk. I 1717 kom garden på auksjon, og etter nokre månader med mellombels eigar, kom den på lokale hender att.

I dag er det den tredje slekta som har garden, etter denne handelen for over 300 år sidan. I 1899 kjøpte Gunnar Rugtvedt frå Seljord garden. Han hadde først prøvd å kjøpe Harpestå, men der nytta Bø kommune forkjøpsretten. Det var då han ikkje lukkast med det kjøpet, han fekk kjøpe Nordigard Østerli. I dag er det barnebarnet til Gunnar, Jarle Østerli, som er eigar av garden nedanfor Lifjell Hotell.

Den eldste delen av våningshuset er frå rundt 1850, stabburet er om lag like gammalt. I 1960 vart våningshuset utvida mykje. Uthuset stod ferdig bygd tidleg på 1950-talet. Garden hadde fleire stular, både Fønnstul, Grostul og Nybu høyrde til garden. Grostul hadde dei saman med andre Østerligardar.

Faktaboks

Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Sel­skapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om fly­bileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.