Vegvesenet har brøyta hovudvegen kontinuerleg dei siste dagane og henta inn ekstra ressursar og tyngre utstyr frå andre deler av landet. Det er auka frekvens på brøyting, det er utplassert ut bilbergarar på utsette stader og det er gjennomført kontrollar av køyretøy og dekkutrustning.
– Me klarer likevel ikkje å vere alle stader heile tida. Tysdag ettermiddag og kveld har me hatt hendingar på E18 mellom Kristiansand og Tvedestrand som har ført til blokkeringar, store forseinkingar og til dels langvarig stans i trafikken. Me er bekymra for at det kan oppstå situasjonar som er utanfor vår kontroll, seier avdelingsdirektør Tore Jan Hansen i Statens vegvesen.
Forholda blir verre
Hansen minner om det alvorlege i farevarsla frå Meteorologisk institutt om svært mykje snø, sterk vind og kraftig snøfokk det neste døgnet.
– Kombinasjonen av desse forholda påverkar kor framkomeleg det er på vegane på ein svært alvorleg måte, med svært vanskelege køyreforhold og dårleg sikt. Forholda er forventa å bli verre natt til onsdag og utover morgontimane, åtvarar Hansen.
– La bilen stå
Det har blitt mindre trafikk på vegane i Agder dei siste dagane, men Statens vegvesen opplever likevel at det er urovekkande mange som er ute og køyrer trass i tydelege oppfordringar frå både Vegvesenet, politiet og andre vegeigarar.
– Derfor gjentar me: La bilen stå viss du ikkje har prekære behov for å ferdast på vegane i Agder. Ikkje set deg sjølv eller andre i ein vanskeleg situasjon. Det vil ta lengre tid å få hjelp enn normalt, og ved å la bilsen stå bidrar ein til at vegane er opne for dei som har viktige funksjonar knytt til liv og helse, oppfordrar Hansen.
I ytterste konsekvens kan Statens vegvesen bli nøydd til å stengje heile eller deler av E18 gjennom Agder, står det òg i meldinga.