BARNEOMBOD: Inga Bejer Engh
BARNEOMBOD: Inga Bejer Engh FOTO: Barneombodet

– Influensarane og dei gode følgjarane

Kor mange produkt anbefalte på sosiale medium hamna på ønskjelista til tenåringen din i år?

Barn og unge følgjer trufast favorittane sine på sosiale medium. Viss du vil ha meir eller mindre kvalitetssikra råd om trening, kosthald, helse og kosmetikk, er det berre å «scrolle».

Unge bruker digitale tenester til positive ting som læring, underhaldning og for å halde kontakt med venner. Samtidig kjem både open, skjult og villeiande marknadsføring rett inn på mobilen til ei attraktiv målgruppe av barn og unge. Reklamen er ofte pakka inn i eit underhaldande format, og regelverket heng ikkje med.

Kor bekymra skal vi vere? Og kva meiner barn og unge sjølv?

Ungdommar Barneombodet har snakka med, sa at urealistiske kroppsideal skaper kroppspress. Dei hadde fått reklame for fillers og kosmetiske inngrep, som dei meinte spelte på kjensler og uvisse.

Dei meinte òg at det er vanskeleg å vite om influensarar reklamerte for produkt fordi dei sjølv likte dei, eller berre fordi dei fekk betalt. Dei ville òg at det skulle få konsekvensar for influensarar som ikkje følgjer regelverket.

Dei unge peika på at skulen er viktig for å styrkje kunnskapen deira om kommersielt press og påverking i digitale medium. Dei ønskte òg å lære meir om kjeldekritikk og korleis algoritmar fungerer, og meinte at det dei hadde lært om reklame kom for seint i skulegangen.

Så kva kan influensarar, skulen, foreldre og styresmaktene gjere? Lista er lang, men noko av det unge seier til Barneombodet at dei ønskjer seg er at:

  • Influensarar må ta meir ansvar for det dei legg ut på sosiale medium, og merke marknadsføring og retusjering tydeleg.
  • Foreldre bør vere involverte i det barna gjer på nett, utan å overvake dei. Vaksne må kunne snakke med ungdom om det som er ubehageleg på sosiale medium.
  • Skulen må gi elevane betre kunnskap om kjeldekritikk, skadeleg innhald, reklame og algoritmar.
  • Det må vere betre tilsyn for å hindre overtramp, skadeleg innhald og tvilsam marknadsføring.

Vi er glade for at eit forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke mot barn no er på plass, men det er ikkje nok. Lovverket må gåast gjennom og tilpassast dagens verkelegheit.

Vi har òg lenge etterlyst eit nasjonalt forskingssenter for barn og digitale medium, og i desember sende vi ein ny førespurnad til Barne- og familiedepartementet om status på utgreiinga av eit slikt senter. Vi ventar spent på svar. For styresmaktene må vite meir om livet til barn og unge på nett for å gjere den digitale kvardagen tryggare. Vi må vite kva tiltak som verkar.

Grunnlaget for ein trygg digital oppvekst må vere basert på kunnskap, ikkje synsing.

Med ønske om eit trygt og godt digitalt nytt år!