SØRLANDSBANEN: Sørtoget på Bø stasjon.
SØRLANDSBANEN: Sørtoget på Bø stasjon. FOTO: Bø blad, arkiv

Togdrift som byrjar å likne ei farse

Ein av dei heitaste sakene i Midt-Telemark i fjor var Jernbanedirektoratet sitt vedtak om å kutte togstopp langs Sørlandsbanen. Det har blant anna ramma reisande frå Nordagutu stasjon i vår kommune. Vedtaket om dei nye rutetidene, med færre stopp på fleire stasjonar, blei nærmast gjort i smug. Kommunane som er ramma av kutta fekk verken forvarsel eller informasjon om dette i forkant. I ettertid har Jernbanedirektoratet beklaga måten dette blei gjort på, men nye rutetider og færre stopp blei likevel innført frå og med 10. desember 2023.

Grunngjevinga for å kutte i talet på stopp er at ein vil få opp punktlegheita på Sørtoget, etter fleire år med forseinkingar og innstillingar. Kanskje har togselskapet Go-Ahead, som driftar Sørtoget, også eit håp om fleire passasjerar viss toget er meir punktleg. Da må selskapet sjå på heilt andre faktorar.

Idéen om at toget skal vere meir punktleg fordi ein kuttar ut stopp i Lunde, Nordagutu og fleire andre stasjonar bør ein leggje daud med ein gong. Riktig nok er det bare ein månad sidan dei nye rutetidene var på plass, men likevel: Go- Ahead kan vel ikkje akkurat påstå at punktlegheita har auka i særleg grad dei siste fire vekene. Toga har jo ikkje gått ein gong! Det har vore innstillingar på innstillingar, og store forseinkingar. Denne gong er det dårleg vêr som får skulda – i lang tid etter at det er over. Køyrer ein tog i Noreg, må ein vere førebudd på dei fleste typar vêr, og driv ein med togdrift må ein i alle fall køyre toga når ein seier at dei skal gå.

Det heile byrjar å likne på ei farse, eller ein kollaps som ein av våre lesarar har uttrykt. Å setje togdrifta ut på anbod har langt frå vore ein suksess på Sørlandsbanen, heller det motsette. Go-Ahead fekk riktig nok ein uheldig start med ein pandemi som ramma drifta kort tid etter oppstarten. Men selskapet har nå hatt rikeleg tid til å leggje planar og få meir kunnskap om behov og brukarvanar på denne togstrekninga. Dei fleste skjønnar jo det som Go-Ahead og fleire politikarar ikkje har sett ut til å begripe ennå: Ein må satse på tog, for folk vil gjerne ta tog. Derfor må toget stoppe der folk bur, sjølv om det er i distriktet. Folk må også kunne stole på at toget kjem og tar passasjerane dit dei skal – til tida. Viss toga får problem, må i det minste togselskapet sette opp alternativ transport. Klarar ein ikkje å oppfylle desse minimumskrava, bør ein kanskje ikkje drive togselskap. Viktige faktorar i tillegg er hyppige avgangar og rimelege prisar. Da kjem folk til toget.