PÅ FILMSETTET: Inger Lina rettar på sminka til Sonje Brøndmo i rolla som zombien Emma.
Emilie Tallakstad
Inger Linas zombiar kjem til Bø
Kinosjef Anita Kristensen set opp zombiefilmen «De Gjenvendte» som noregspremiere på Bø kino. SFX-sminkør Inger Lina Johansen Thorbjørnsen er invitert til å halde innleiing før filmen.
Fredag 26. januar er det noregspremiere over heile landet på «De Gjenvendte», ein ny norsk satirisk zombiekomedie. Filmen får også noregspremiere på Bø kino, som er heimebane for ei av dei som står for spesialeffektane i filmen.