UVÊR: Vegvesenet oppfordrar folk til å la bilen stå inntil vidare.
UVÊR: Vegvesenet oppfordrar folk til å la bilen stå inntil vidare. FOTO: Hilde Eika Nesje

Klar beskjed: – La bilen stå inntil vidare

– Det er svært utfordrande køyreforhold, både på riks- og europavegnettet og sidevegane. Så fram til vêret roar seg: La bilen stå!

Det er den klare, korte og greie beskjeden frå Tore Jan Hansen i Statens vegvesen onsdag morgon.

Det verste vêret skal gi seg i løpet av dagen, men akkurat i morgontimane er det skikkeleg ille, seier Hansen.

– Så inntil vidare: La bilen stå! Så enkelt, og så krevjande, oppfordrar Hansen på ein heilkvit og føykande onsdag i januar.