T
Dømd for to tilfelle av vald. Fekk likevel strafferabatt
Dei to valdshendingane skjedde med fire månaders mellomrom for tre år sidan. Derfor fekk mannen strafferabatt.
Ein mann, no busett på Notodden, har stått tiltalt for å ha slått ein annan mann fleire gonger med ein stein. Nokre månader seinare skal han ha dratt sambuaren etter håret, lagt seg på henne så ho fekk skadar og slått henne fleire gonger i ansiktet. Valden skjedde i begge tilfella ved det som var bustaden deira i Midt-Telemark.