DET KVITE HUS: Midt-Telemark kommunehus.
DET KVITE HUS: Midt-Telemark kommunehus. FOTO: Hilde Eika Nesje

– Dei som jobbar i kommunen treng ikkje vere idiotar sjølv om dei sender ut brev om høgare gebyr

Det er lett å klage. Å sitje heime å sjå på at andre gjer noko og ikkje vere fornøgd med det, er det lettaste i verda. Det er mykje vanskelegare å ta seg sjølv i nakken, og gå ut i verda å gjere ein innsats for andre og bidra i lokalsamfunnet – for nokon.

For det er ikkje alle som oppfører seg slik. Det ser me mange eksempel på i Midt-Telemark. Her er så mange flinke og omsorgsfulle menneske som er med på å løfte opp og fram – og som tar vare på medborgarane sine. Dei vel å bidra, enten det er i frivillig arbeid, for familie, vener eller naboar, eller i lokalpolitikken. Dei gjer noko konkret for fellesskapet.

Ikkje alle er i stand til å bidra fysisk eller praktisk, men dei kan likevel bidra ved å heie. Det er også mange som løftar blikket frå eigen navle og snakkar fint om alle dei som legg ned krefter på det eine og andre området. Den jobben er også viktig, for alle treng ros og alle treng å bli sett. Da blir det ein gjer også mykje lettare å gjennomføre. Og kanskje gjer ein oppgåva si enda betre og med større glede når ein ser at folk blir takknemlege og glade for det ein gjer – og seier det!

Når det er sagt, betyr ikkje positiv innstilling til livet og andre at ein ikkje kan gje rettleiing og konstruktiv kritikk, eller at ein ikkje kan meine noko annleis. Eller yte motstand og protestere mot noko ein meiner er feil. For også det kan ein gjere ordentleg, ved å vere sakleg, ryddig og høfleg. Det kan ofte vere vanskeleg å balansere på den linja som handlar om å skilje person og sak, lytte respektfullt til meiningsmotstandarar og ha ei god rolleforståing.

Dei som jobbar i kommunen treng derfor ikkje vere idiotar, sjølv om dei sender ut brev om høgare gebyr på det eine eller andre. Og dei som brøytar snø er nødvendigvis ikkje late, sjølv om dei ikkje rakk å rydde akkurat din veg før frukost. Dei treng heller ikkje sjå at andre spyr ut eder og galle mot dei på sosiale medium, sjølv om du er ueinig i det som skjer. Det synast kven som kan oppføre seg – også på sosiale medium.

Kor mykje hyggelegare ville det ikkje vore med sakleg debatt og innspel, mindre bak- og nedsnakk ved kjøkkenborda og meir gode ord til kvarandre i kvardagen. Har du sagt noko fint til minst eitt menneske i dag? Ikkje? Gjer det!