BIDRAG FRÅ MINNEFOND: Lene Moland, leiar i Bø og Sauherad hagelag, og Per Johan Nordvik frå Ingebjørg Ø. Nordbø sitt minnefond.
Øystein Akselberg
Ingebjørg sitt engasjement skaper ny aktivitet: – Ho ville utvikle området til ein god møteplass
Minnefondet etter avdøde Ingebjørg Ø. Nordbø overfører no heile det innsamla beløpet til etablering av ein felleshage i Evjudalen.
Ingebjørg Ørnulfsdatter Nordbø gjekk bort 15. februar i fjor, 67 år gamal. Ho var ein sentral pådrivar for å ta vare på og utvikle grøntområdet Evjudalen i Bø sentrum. Like før ho gjekk bort trekte ho fram tre konkrete tiltak ho ønskte skulle bli jobba fram i sentrumsparken: ein felleshage, ein hundepark og fleire sitjebenkar.