MEINING: Solfrid Bratland-Sanda
MEINING: Solfrid Bratland-Sanda FOTO: Peter Jørgensen

– Frisklivssentralen må skånast når kommunen kuttar i budsjetta sine

Eg ser dei frå kontorvindauget mitt fleire gonger i veka. Dei som kjem i samla flokk frå Gullbring med mål om å trene musklar, hjerte og hjerne i ein times tid på graset og grusen bak USN og sandvolleyballbanane. Trening som i ti år har vore kyndig leia av frisklivskoordinator Svein Ivar Forberg, og etter kvart også Helene Haugersveen Kiserud.

Svein Ivar og Helene har i desse åra hatt med seg eit stort antal studentar frå idrett, fordjupning fysisk aktivitet og helse, fyrst frå HiT og etter kvart USN. Dette er ein særs verdifull praksisplass for oss på USN fordi den gir studentane våre ein sjanse til å møte det verkelege livet, verkelege personer med verkelege store og små utfordringar. Det å lære av både oss og frisklivskoordinatorane korleis ein planlegg, tilrettelegg, gjennomfører og evaluerer trening for personer på frisklivsresept gjer studentane betre førebudd på arbeidslivet etter studiane.

I Midt-Telemark er me heldige som har høg kompetanse med låg terskel på friskliv og fysisk aktivitet både som sjukdomsforebyggande og som medisin. Me har fleire gonger ropt høgt om at Frisklivssentralen må skånast når kommunen kutter i budsjetta sine, og i 2020 vann me fram. Dessverre vart det kutt i budsjettet for 2024, og ei stilling forsvann. Den håper me kjem attende så fort som mogleg, for det å kutte i slike førebyggjande tenester kan bli ei dyr erfaring for kommunen. Det koster mindre å førebygge enn å reparere, men det er kun reparasjonen som er lovpålagt.

Tilbake til den samla flokken på frisklivstrening: kven er dei? Nokon er der på anbefaling frå lege, fysioterapeut eller NAV, andre har tatt kontakt sjølve. Felles for deltakarar i frisklivssentralar rundt om i Noreg er at dei har helseplager som kan lindrast eller behandlast ved bruk av fysisk aktivitet. Fleire har kanskje større bagasje å bera på enn det ein kan sjå. Frå forskning veit me mykje både om dei helsemessige gevinstane av å bli sterkare og meir uthaldande, og me veit kor viktig eit treningsfellesskap er for å ha ein stad å høyre til. Einsemd er også ei enorm folkehelseutfordring. Dei som er på frisklivstrening har ikkje som mål å vinne store idrettskonkurransar, men dei har kanskje som mål å komme seg i jobb, unngå sjukemelding, eller ha overskot til å gjennomføre daglege gjeremål.

Frå idrett på USN studiestad Bø er me stolte over den lokale frisklivssentralen i kommunen vår, og me vil gratulerer så mykje med 10-årsjubileum! Me er takksame for det samarbeidet me har hatt gjennom desse 10 åra, og me ser fram til minst 10 nye år med samarbeid om frisklivstrening som veg til friske liv for innbyggjarane i Midt-Telemark!