KINOSJEF: Kinosjef Anita Kristensen ved Bø kino.
Gro B. Røiland
Spesielt tilbod har blitt suksess: – Eg kunne ikkje gjort det utan dei frivillige
Når Bø kino i 2023 auka besøket med fem prosent, er Filmsalongen ein suksessfaktor. – Den betyr veldig mykje, seier kinosjef Anita Kristensen.
I 2016 opna daverande ordførar Olav Kasland nyheita Filmsalongen, eit samarbeid mellom frivillige filmentusiastar og kinosjefen i kommunen. Konseptet har jamleg visning av kvalitetsfilm og opplegg rundt filmen med sosialt samvær, foredrag og lett servering.