ETABLERING: Den nye skobutikken på Bøsenteret er ein av fleire nye verksemder som blei etablert i Midt-Telemark i fjor.
ETABLERING: Den nye skobutikken på Bøsenteret er ein av fleire nye verksemder som blei etablert i Midt-Telemark i fjor. FOTO: Øystein Akselberg

Mange gjekk konkurs i fjor, men i Midt-Telemark er det ikkje fullt så dystert

I Vestfold og Telemark var det konkursboom i 2023, ifølgje tal frå data- og analyseselskapet Experian. Auken i konkursar finn ein i alle fylke, med Nordland på toppen. Der gjekk 42 prosent av aksjeselskapa konkurs i fjor. Til samanlikning hadde fylka Innlandet og Vestland ein auke i konkursar på tre-fire prosent.

I fylket som me var ein del av fram til nyttår er desembertala særskilt dårlege. Samanliknar ein desember 2022 med desember 2023 finn ein at auken i konkursar er på 166 prosent i vår region på slutten av året. Til saman 205 aksjeselskap gjekk konkurs i Vestfold og Telemark i fjor.

Heile 3662 aksjeselskap i Noreg gjekk dukken i fjor, som er ein auke på 22 prosent. Det er særleg i bygg- og anleggsbransjen ein ser at det nå går litt trått, men det er også vanskeleg for overnattings- og serveringsbransjen. Ifølgje tala for desember er det også krevjande i varehandelen og i kulturbransjen.

I Midt-Telemark kommune er det ikkje fullt så dystre tal. Her blei det meldt inn 13 konkursar i 2023. Samtidig ser me at etableringslysta er høg. I snitt blei rundt 20 nye foretak etablert kvar månad i fjor. Til saman såg 234 nye selskap dagens lys i Midt-Telemark. Det er ei fin kurve og positivt for alle oss som bur her. Skapertrong gir ofte større aktivitet og skaper meirverdi og gode ringverknader for lokalsamfunnet.

I Bø blad finn ein stadig eksempel på midt-telemarkingar som satsar. Dei siste dagane har me til dømes kunne lese om at me kan glede oss til å ete thai-mat på Bøsenteret, og før jul kunne senterleiaren by på ny skobutikk. På Sønstebøtunet skal dei strikkeglade nå få boltre seg i eit hav av garn og oppskrifter i ny butikk, og litt lenger ned i Bøgata har me fått Bejing House. Den godt etablerte verksemda Telefrukt på Gvarv byggjer ut og styrkar seg, det same gjer Holte industri.

I tillegg til dei mest synlege verksemdene blir det også etablert mange mindre selskap, noko som stadfestar verketrongen her me bur. Det er mange flinke og kreative folk i Midt-Telemark, og me kan gjerne skryte av det. Samtidig må me alle vere flinke til å verdsetje alt me har her, mellom anna ved å bruke dei lokale tilboda aktivt.