SETT FÅ LUFTA: Nes kyrkje knipsa frå drone 1. juledag 2023. FOTO: Fred C. Gjestad
RENNANDE VATN: Oterholtfossen er alltid vakker, slik som den også var 1. juledag. FOTO: Elin Josefsen
LÅG SOL: Fin solnedgang i sikte under ein gåtur frå Borgja mot Staurheim 1. juledag FOTO: Elin Josefsen
KALDT PÅ VATNET: Januar har for det meste vore kald, og det har både folk og dyr fått merke. Songsvanene i Sagahølen heldt ut i kuldeperioden. FOTO: Kjell Bitustøyl
KVENNØYA: Lunt og stemningsfullt i romjula, ved brua til Kvennøya. FOTO: Elin Josefsen
SPEGEL: Spegling i Bøelva like ved Sanda Camping.
GØRRKALDT: Kulda har stramma grepet i Midt-Telemark, men den er òg vakker. Dette bildet er tatt langs Bøelva i 32 minusgrader, med mykje frostrøyk som slyngar seg langs elva. FOTO: Simon Jeppesen
TIL TOPPS: Trugetur til vinterkledde Bryggefjell 31. desember 2023. FOTO: Eli Kallesten
VINTER: Ved Kvennøya i Bø. FOTO: Gerd Skoland
VINTER: Ved Kvennøya i Bø. FOTO: Gerd Skoland
FROST: Bøelva ved hengebrua i Øvre Bø. FOTO: Gerd Skoland
FROST: Bøelva ved hengebrua i Øvre Bø. FOTO: Gerd Skoland
RIMFROST: Ein veldig kald dag ved hengebrua i Øvre Bø. FOTO: Gerd Skoland
FROST: Bøelva ved hengebrua i Øvre Bø. FOTO: Gerd Skoland
JANUAR-SONG: Januar har for det meste vore kald, og det har både folk og dyr fått merke. Songsvanene i Sagahølen heldt ut i kuldeperioden. FOTO: Kjell Bitustøyl
OPE MØTE: I desember arrangerte Telemark Nei til EU og Midt-Telemark Senterparti ope møte på Bø hotell. Rundt 50 personar møtte opp til temamøte om straumpriskrisa, resultatet av ACER-søksmålet, utfordringane knytt til EU si energipakke 3 og korleis ein skal hindre at Noreg sluttar seg til EU si energipakke 4. Innleiarar var Boye Ullmann frå Nei til EU og Per Olaf Lundteigen frå Senterpartiet. FOTO: Privat
FULLT HUS: Det var fullt hus på The Bull Inn da Bø-bandet Barracuda Days hadde offisiell sleppkonsert. Det var bra stemning både blant dei fire på scena og blant publikum. FOTO: José Bakker
MÅNE OVER BRU: Andre juledag 2023 stod månen over Gvarvbrua i fint vinterlys. FOTO: Elin Josefsen
GØRRKALDT: Kulda har stramma grepet i Midt-Telemark, men den er òg vakker. Dette bildet er tatt langs Bøelva i 32 minusgrader, med mykje frostrøyk som slyngar seg langs elva. FOTO: Simon Jeppesen
FLOTT FJELL: Eriksteinfjellet og Bøelva i vinterskrud på ein kald januardag i 2024. FOTO: Simon Jeppesen
SKRIKET PÅ GVARV: Naturen har gitt oss spektakulære syn i desse vinterdagane. Dette bildet av solnedgangen over Hetterud, sett frå Haugen i Gunheim, tok Ingebjørg Romarheim fredag 12. januar.Ho kallar bildet for "Skriket på Gvarv". Kanskje har Edvard Munch sett ein liknande himmel før han måla sitt berømte bilde i 1893? FOTO: Ingebjørg Romarheim
JULETREFEST: Rundt 20 glade ungar og like mange vaksne møtte opp til juletrefest på Friheim torsdag 4. januar. Det er fleire år sidan det var eit slikt arrangement i grenda, men med mange nye barnefamiliar i Øvre Bø fann ungdomslaget ut at det var tida for å prøve igjen. Initiativet vart godt motteke, og barn og vaksne kosa seg både med grauten som vart servert og med gang- og song rundt juletreet. Til slutt dukka sjølvaste julenissen opp au, og han fekk stadfesta at i Øvre Bø er det bare snille ungar. FOTO: Øvre Bø ungdomslag
VINTERSKRUD: Kulde og kunst langs Bøelva i januar. FOTO: Simon Jeppesen
GYGRESTOLEN I RAUDT: Januar byr på meir enn snøvêr, storm, regn og glatte vegar. Det er òg mange fine fargar i lufta når sola står lågt på himmelen. Dette biletet blei tatt fredag ettermiddag den 12. januar. FOTO: Gro H. Johansen-Thorbjørnsen
FRUKOST I DET FRI: Denne lesaren fekk ein fin start på dagen og helga fredag 12. januar, då ho starta med frisk frukost ute. Soloppgangen fekk ho nyte i Bestemorssløyfa på Lifjell FOTO: Gerd Skoland

Slik var januar månad i Midt-Telemark

Kaldt og kvitt vêr og fargerike soloppgangar og -nedgangar har prega Midt-Telemark i januar 2024. Det har også prega bilde som me har fått frå lesarane våre. Her er januarstemninga sett gjennom fotolinsa.

Publisert Sist oppdatert

Vel korleis du vil lesa oss!

Ut året digital
for 250,-

Deretter 159,- per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS