Bård I. Freberg.
Bård I. Freberg. FOTO: Privat

– Skulen må sterkare på banen med nevenyttige tema

Det skrivast oftare i media om bytedagar av klede. Det er fine initiativ, men eg er i tvil om slike arrangement har nokon påverknad på forbruket av klede. Det kan faktisk tenkes at effekten er motsett.

Me har faktakunnskap om overforbruket kånns av mellom anna klede. Me kastar tonnevis av fullt brukbare klede her i landet, eller klede med små feil som lett kan reparerast.

På Fretex sine utsal ymse plassar som eg har vitja bognar det av klede, særleg for kvinner. Ein marknad med klesbytedag trur eg berre blir ein opphaussing av «shoppekulturen» og blir berre ei form for avlat på lik line med kjøp og sal av klimakvotar.

Det er oppretta «fikselaug» fleire plassar i Noreg i regi av Norges Husflidslag. Her i bygda har Midt-Telemark Husflidslag oppretta ei gruppe som held til i Speiderhuset i Bø. Men slik eg oppfattar dette fine tiltaket, trur eg ikkje det appellerer til ungdommane og yngre vaksne, særleg ikkje gutar. Dei er jo dyktige på å «mekke bil», og kvifor ikkje klede og tekstilar?

Me treng fleire plassar kor me kan reparere både klede og andre ting.

Tidlegare hadde me i skulen fleire fag som gav kånn kunnskap om praktiske ferdigheiter i dagleglivet, til dømes sløyd og heimkunnskap.

Eg erfarer at fleire og fleire ungdommar her i bygda og i byane ikkje kan handtera til dømes hammar, sag, øks og  «nål og tråd». Dei har vorte evneveike i praktiske ferdigheiter, og det uroar meg.

Lite høyrer eg frå skulen om «reparere klede-dagen». Skulen må sterkare på banen med integrering av nevenyttige tema. Me må læra å reparera før me set i gang. Men slike «reparere klede-dagar» må formast ut av ungdommane sjølv, slik at det ikkje blir «kleint» å vera med, men at det blir ein populær trend. Kanskje elevråda på skulane våre i bygda kan ta eit initiativ her?

Eg har stor glede av å reparere klede og anna, det gir meg stor meistringskjensle og kan tilrådast!