LÆRINGSARENA: Gvarv skole i Midt-Telemark.
LÆRINGSARENA: Gvarv skole i Midt-Telemark. FOTO: Øystein Akselberg, arkivfoto

– Kor blei folkeskikken av? Nå må foreldra på banen

Fleire foreldre må på bana. Det er den tydelege beskjeden frå skulemiljøet i Midt-Telemark. På vegner av alle rektorane i kommunen møtte Tine Kvilekval, avtroppande rektor ved Gvarv skole, politikarane til utvalsmøte for oppvekst og kultur sist veke. Ho la ikkje fingrane imellom.

Gvarv-rektoren fortalte om auke i mobbing og dårleg skulemiljø i kommunen, trass i eit uttal verktøy i skulen som skal rettleie og vere til hjelp for å trygge elevar og skulekvardagen. Dette er ikkje unikt i Midt-Telemark. Det gjeld for skular i heile Noreg, og har blitt ei nasjonal utfordring. Det skal vere gode rammer for trivsel og læring på skulen. I staden opplever ein meir mobbing, uro og truslar i det som først og fremst skal vere ein god læringsarena. Og det gjeld ikkje bare elevane. Nyleg blei det publisert ei undersøking som viser at ein av fire lærarar har opplevd vald og trakassering på jobb, ofte frå elevar, og at stadig fleire ikkje klarer å stå i ein slik arbeidskvardag over lengre tid.

Mobbinga foregår ikkje bare på skulen eller skulevegen slik som før. Den er like utbreidd på nettet, gjerne etter skuletid, og ofte er det lærarane som får i oppgåve å løyse opp i dette også. Frå foreldra. Stadig fleire foreldre opplevast også som kravstore og opptatt av rettar, og i staden for å bidra sjølv er det ein tendens til at alle slags problem og oppgåver i aukande grad blir skuva over på lærarane.

Meir mobbing i skulen: – Det me treng, er å ha foreldra med på lag

Skulenoreg er inne i ei krise, og det er ei varsla krise. Landet vårt skrik etter faglærte undervisarar og slit med rekruttering til læraryrket, for ikkje å snakke om alle som flyktar frå yrket fordi dei rett og slett ikkje orkar meir. I tillegg kjem rapportane om meir alvorlege hendingar som ikkje er skulane våre verdige.

Kven har skulda og kven kan gjere noko? Problemet er nok samansett, men at mange foreldre i dag kan vere betre støttespelarar for skulen er det ingen tvil om. Mange års nedsnakking av lærarar, andre elevar og skulen rundt kjøkkenborda heime, samt dårleg skjult misunning på lærarferien har vore med på å redusere respekten for yrket og utdanningsinstitusjonane. Meir fokus på enkeltindividet og eigne rettigheiter like så. Ein spør ikkje lenger kva ein sjølv kan bidra med i fellesskapet, men kva fellesskapet kan gjere for ein sjølv. Ein trend i tida er også at mange er redde for å stille krav, sette tydelege grenser og slik ruste eigne ungar til sjølve livet, som faktisk kan vere fullt av skuffelsar og motgang. Og kor blei forresten folkeskikken av?

Rektorane har rett: Fleire foreldre må på bana, dei må ta ansvar, bidra og vere støttespelarar for skulen - ikkje motarbeide den.

– Dei som jobbar i kommunen treng ikkje vere idiotar sjølv om dei sender ut brev om høgare gebyr