GLATTE VEGAR: Det blir vanskeleg føre i vinterferien (illustrasjonsbilde).
GLATTE VEGAR: Det blir vanskeleg føre i vinterferien (illustrasjonsbilde). FOTO: NAF

Underkjølt regn og glatt føre i vinterferien: – Her er tre gode råd

Mange skal ut på vinterferie. Det skjer samtidig som det er omslag i vêret, som kan gi is og glatte vegar.

Bileigarorganisasjonen NAF kjem med nokre gode råd til korleis ein kan kome seg trygt fram på glatt føre i vinterferien.

Begge hender på rattet

– Det viktigaste du kan gjere er å tilpasse farten etter forholda og halde begge hendene på rattet.

Det er rådet frå Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgjevar i NAF.

Han viser til at med begge hendene på rattet har ein betre kontroll viss bilen tek til å skli.

NAF skriv at dersom ein misser kontrollen, er det beste ein kan gjere å bremse alt ein kan. Ein skal ikkje sleppe opp, sjølv om det rister i pedalen.

Spesielt på Austlandet kan det bli mykje glatt føre, ifølgje vêrmeldinga. Det er sendt ut farevarsel om underkjølt regn, som er det vanskelegaste føret å køyre bil på.

– Er det underkjølt regn, er det luraste ein kan gjere å la bilen stå. Vegane blir som skøytebaner når regnet frys på bakken. Då er det vanskeleg å halde kontroll på bilen, åtvarar Sødal.

Tre gode tips

Han gir tre tips til testar ein kan gjere for å sjekke føret.

  • Kjenn på motstand i rattet. Følgjer bilen rattbevegelsane har du godt feste.
  • Kjenn på veggrepet når du gassar. Hjula slepper lett når det er skikkeleg glatt.
  • Korte prøvebremsingar. Sklir bilen langt må du vere påpasseleg.

Desse tre testane meiner NAF ein kan gjere fleire gonger under køyreturen, for føret kan variere.

– Reduser farten så mykje som muleg

Dersom ein oppdagar ein fare, gjeld det å få ned farten, også når det er for seint til å stoppe. Då er det større sjanse for å styre unna og skadane blir reduserte om ein krasjar.

– Brems hardt når du først bremsar, oppfordrar Sødal.

Han forklarar at når ABS-systemet slår inn vil ein kjenne vibrasjonar i pedalen og høyre ulydar. Det er som det skal.

– Hald fram med å bremse så vil ABS-systemet hjelpe deg, legg han til.

– Ikkje sving for brått

Sødal oppfordrar også til at ein ikkje svingar brått om det er glatt. Styrer ein mykje dersom ein får skrens kan det føre til at det tek lenger tid å få kontroll. Elektronikken hindrar bilen i å snurre rundt, men systema treng veggrep for å fungere. Rådet er at ein skal halde fram med å styre dit ein skal når ein opplever at stabilitetskontrollen til bilen er aktivert.

– Men er farten for høg kan ikkje elektronikken redde deg. Då er det berre sikkerheitsbelte, airbag og den innebygde sikkerheita i bilen som kan vere til hjelp, seier Sødal.