LIFJELL: Hyttefelt på Grostul.
LIFJELL: Hyttefelt på Grostul. FOTO: Øystein Akselberg

Stadig fleire meiner at me byggjer ned for mykje natur

6 av 10 meiner nå at det blir tillate for mykje utbygging i naturen. Det viser ferske tal frå Ipsos. Motstanden har auka betrakteleg på bare tre år.

Den ferske undersøkinga viser at blant dei som er 60 år eller eldre, meiner to av tre at det blir bygd for mykje i naturen. Kvinner er også betydeleg meir bekymra for nedbygging enn menn.

Da Ipsos stilte same spørsmål i 2021, var det 41 prosent som meinte det var for mykje utbygging, mens talet nå ligg på 58 prosent. Det har altså skjedd ei tydeleg endring i kor bekymra nordmenn flest er for naturen vår.

– Eg forstår godt at folk er bekymra. Tala stemmer også godt med vår erfaring, som er at stadig fleire byrjar å merke naturtapet på kroppen, ved at område dei er glade i forsvinn til fordel for utbyggingsprosjekt og skogsdrift. Aukande medieinteresse den siste tida har nok også bidratt til at fleire har fått augo opp for dette, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.

Det er fellesorganisasjonen for dei 18 store friluftslivsorganisasjonane som har tatt initiativ til undersøkinga. Til saman har dei 18 medlemsorganisasjonane nær ein million medlemskap og meir enn 5000 lag og foreiningar over heile Noreg.

NORSK FRILUFTSLIV: Generalsekretær i Norsk Friluftsliv Bente Lier. FOTO: Gard Eirik Arneberg/Norsk Friluftsliv

Etterlyser ein nasjonal plan

Norsk Friluftsliv og ei rekke andre natur- og friluftsorganisasjonar har lenge etterlyst at både regjeringa og kommunane kjem på banen med tydelege planer for å ta betre vare på naturen.

Lier håper nå at den ferske undersøkinga får politikarane til å skjønne at det å ta vare på naturen også kan vere ei vinnarsak blant folk flest.

– Vårt inntrykk er at folk ønsker seg modige politikarar som tør å ta grep og gjere det vanskelegare å bygge ned natur enn det er i dag. Da må andre omsyn i større grad vike til fordel for det som er sjølve livsgrunnlaget vårt, seier ho.

I år skal regjeringa presentere ein handlingsplan for oppfølging av den internasjonale naturavtalen.

Norsk Friluftsliv meiner planen må innehalde klare nasjonale grenser for nedbygging, som er langt strengare enn i dag. Friluftsorganisasjonane meiner også at:

  • Alle kommunar bør ha mål om å bli arealnøytrale
  • Alle kommunar bør gjennomføre såkalt planvask, for å sikre at deira utbyggingsplaner tar omsyn til dagens kunnskap om naturen
  • Alle kommunar med by- og tettstadsnær natur bør innføre permanente utbyggingsgrenser, noko heile sju av ti nordmenn stiller seg bak

Norsk Friluftsliv

Norsk Friluftsliv er fellesorganisasjonen for dei 18 store friluftslivsorganisasjonane, med over 950 000 medlemskap og fleire enn 5000 lag og foreiningar. Organisasjonen jobbar med å inspirere fleire til å kome seg ut oftare, informere om allemannsretten, stoppe nedbygging av naturen, meir friluftsliv i skuler og barnehagar og inkludering gjennom friluftsliv.

Oppdraget til Norsk Friluftsliv er å jobbe for at medlemsorganisasjonane er i best muleg stand til å bidra til friluftsglede for fleire – oftare. Kvart år arrangerer ein Friluftslivets veke over heile landet, frå første helg i september.

Medlemsorganisasjonar er: 4H Norge, Den Norske Turistforening, Forbundet KYSTEN, Norges Turmarsjforbund, Norges Jeger- og fiskerforbund, KFUK-KFUM-speiderne, Kristen Idrettskontakt, Norges klatreforbund, Norges orienteringsforbund, Norges Padleforbund, Norges Røde Kors, Norges speiderforbund, Skiforeningen, Syklistenes landsforening, Norsk Kennel klub, Norges Seilforbund, Det norske Skogselskap og Norges Sopp- og nyttevekstforbund.