BRANNØVING: I fjor var det heldigvis færre bygningsbrannar i vårt område. Bildet er frå ei planlagt brannøving på eit hus i Håtveitvegen.
Nome og Midt-Telemark Brann og Redning
Brannvesenet hadde nok å gjere i fjor: – Halvparten er unødige alarmar
For første gong på fleire år opplevde vårt lokale brannkorps ein liten nedgang i talet på utrykkingar i fjor. Tendensen over tid er likevel stigande.
Brannsjef i Nome og Midt-Telemark brann og redning (NMTBR), Svein Ove Kåsa, kan fortelje om eit brannår med færre utrykkingar enn til vanleg når han ser tilbake på fjoråret.